Vi øver på det vi håpar aldri skal skje

Kva skjer med dei kommunale tenestene i Hareid kommune dersom Noreg er i krig?

Kriseleiinga i Hareid kommune saman med frivillige organisasjonar. Øvinga var ei diskusjonsøving der vi diskuterte både samla og i grupper det alvorlege scenarioet der Noreg er i krig. Erlend Friestad

Denne veka øvde kriseleiinga i Hareid kommune på dette alvorlege scenarioet. Øvinga er ein del av ein storøving som alle kommunar i Noreg gjennomfører i haust. Målet er ikkje å skape uro, men å undersøkje korleis kommunane kan ta vare på innbyggjarane og halde oppe dei viktigaste tenestene når arbeidskrafta blir knapp, straum og internett er ustabilt og denne belastninga varer over tid.

Eit hovudfunn er at kommunen ikkje vil klare å tilby dei same tenestene som i ein normalsituasjon. Kommunen må prioritere liv, helse og kritiske tenester. Det betyr at andre tenester må reduserast eller kuttast heilt.

 

Eit alvorleg og langvarig scenario

I scenarioet har væpna angrep mot ein NATO-alliert ført til at artikkel 5 er aktivert. Eit angrep på eitt medlemsland blir rekna som eit angrep på alle, og Noreg er dermed i krig. Kamphandlingane har ikkje nådd norsk territorium, men Forsvaret og Sivilforsvaret kallar inn personell, utanlandske arbeidstakarar reiser heim, og fleire blir borte frå jobb for å ta vare på familien.

For helse- og omsorgstenestene er belastninga endå større: Ut over normalt sjukefråvær møter berre om lag 70 prosent av dei tilsette på jobb. Samstundes kan kommunen måtte ta over pasientar frå sjukehus og følgje opp personar som ikkje kan leggjast inn på sjukehus. Sjukehusa må prioritere å behandle personar som er meir direkte råka av krigshandlingar. Situasjonen kan vare lenge.

Den største utfordringa er ikkje berre at færre er på jobb, men at kommunen kan miste nøkkelkompetanse i fleire tenester samtidig. Dei som er att, må arbeide meir, skifte oppgåver og halde drifta i gang med mindre støtte. Over tid aukar risikoen for slitasje, feil og lågare kvalitet. Kommunen kan måtte bruke ufaglærte medarbeidarar, flytte tilsette mellom einingar og redusere eller stanse oppgåver som ikkje er kritiske.

Scenarioet omfattar også jamlege bortfall av straum, mobilnett og internett. Ein straumstans råkar langt meir enn lys og oppvarming: medisinsk utstyr, tryggleiksalarmar, journalsystem, betalingsløysingar, vatn og avløp, matlaging, digitale kommunikasjonskanalar og lading kan svikte samtidig. Då aukar presset på kommunen, medan innbyggjarane får mindre tilgang til tenester og informasjon.

Fleire europeiske etterretningstenester og leiarar har den siste tida åtvara mot at Russland kan angripe og sabotere infrastruktur.  Også Noregs statsminister Jonas Gahr Støre seier vi må vere budde på moglege trugslar frå nabolandet vårt.

 

Her kan du lese scenarioa i detalj:

Overordna scenario
Regionalt scenario - Møre og Romsdal
Tema-scenario - Helse og omsorg

 

Kven deltok?

Frå kommunen deltok den kommunale kriseleiinga, som består av ordførar, varaordførar, kommunedirektør, assisterande kommunedirektør, kommunalsjefar og støttefunksjonar. I tillegg deltok representantar frå Røde Kors, Saniteten og Lions var også med på øvinga.

Målet med den breie deltakinga var å skape ei felles situasjonsforståing og byggje tillit og relasjonar mellom dei som vil måtte samarbeide i ei krise. Når aktørane kjenner kvarandre, rollene og ressursane før noko skjer, blir det lettare å samordne innsatsen når tida er knapp og situasjonen er uoversiktleg. Hareid kommune ser også at vi ikkje vil klare å stå i denne situasjonen utan hjelp frå dei frivillige organisasjonane og at innbyggarane sjølv tek større ansvar for seg og sine.

 

Vi må prioritere hardare enn i kvardagen

Øvinga viser at kommunen tidleg kan måtte gå over til redusert og prioritert drift. Tilgjengeleg personell må først brukast til å verne liv og helse, halde vatn og avløp i drift, gi nødvendig informasjon og følgje opp sårbare innbyggjarar. Skule, barnehage og andre tenester kan måtte samle drifta på færre stader, gi eit meir avgrensa tilbod eller avgi medarbeidarar til kritiske funksjonar. Oppgåver som ikkje er avgjerande for liv, helse eller grunnleggjande drift, kan bli utsette eller mellombels stansa heilt.

Innbyggjarane må vere førebudde på at dette kan få store og direkte konsekvensar for tenestene dei er vande med å få. 

 

Du må også vere førebudd

Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølve i éi veke. Det gir kommunen og naudetatane større høve til å hjelpe dei som treng det mest. Ein langvarig straumstans viser kvifor dette er nødvendig: Når oppvarming, lys, komfyr, lading, betaling og digitale tenester kan falle bort samtidig, må kvar husstand kunne dekkje dei mest grunnleggjande behova sine ei tid.

Start med det mest grunnleggjande: lagre drikkevatn, mat som toler lagring og kan lagast utan vanleg straumforsyning, nødvendige medisinar og førstehjelpsutstyr. Ha ei trygg løysing for varme, lys og matlaging utan straum, ein batteridriven DAB-radio, ladde batteribankar og litt kontantar. Tenk gjennom korleis du får og deler informasjon dersom straum, mobilnett og internett er borte. Avtal gjerne med familie, vener eller naboar korleis de kan hjelpe kvarandre.

Du treng ikkje ordne alt på éin gong. Nokre førebuingar er langt betre enn ingen. Bruk tida no til å sjå kva du har, kva du manglar og kven du kan samarbeide med. Når kommunen øver og innbyggjarane styrkjer eigenberedskapen sin, står lokalsamfunnet betre rusta dersom ei alvorleg hending råkar oss.

Les meir om eigenberedskap her.