Erlend Friestad
Ferievikar i heimeteneste og sjukeheim
Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 22. juni – 16. august.
Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønsker du å prøve ut om dette arbeidet kan passe deg? Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, miljøterapeut, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent? Då er du velkomen som søkar!
Vi ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstørrelse og i kva eining du ønskjer å arbeide i, og i kva tidsrom du kan jobbe. Vi vil prioritere deg som kan arbeide i juli og august månad.
Søknadsfrist 30. mars
Les meir og søk her.
Ferievikar i bu og habilitering?
Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 15. juni til 16. august. Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønskjer du å prøve ut om dette arbeidet passar deg?
Er du miljøterapeut, miljøarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent? Søk då vel!
Søknadsfrist 11. mars.
Les meir og søk her.