Pexels.com
Kva er ei besøksheim?
Ein besøksheim er ei familie eller ein einsleg vaksen som tek imot eit barn eller ein ungdom ei eller fleire helger per månad. Formålet er å gi barnet eit positivt og trygt miljø der det kan få merksemd, omsorg og gode opplevingar.
Samtidig får foreldra nødvendig avlasting og støtte i ein periode som kan vere krevjande.
Besøksheimar skal ikkje erstatte barnet sin eigen heim, men vere ein ekstra ressurs rundt barnet og familien.
Kvifor treng vi fleire no?
Mange barn i kommunen lever i familiar som av ulike grunnar treng ekstra støtte. Nokre barn har behov for tettare oppfølging og meir merksemd enn jamaldringane. Ei besøksheim kan vere avgjerande for at dei får gode og trygge rammer også i helgene.
Kven kan bli besøksheim?
Alle som kan tilby eit trygt og stabilt heimemiljø kan søkje.
Vi set ingen krav til korleis familien er sett saman – par, einslege, med eller utan eigne barn.
Det viktigaste er at du:
- er ein trygg og stabil vaksen
- har tid og overskot til å vere til stades for barnet
- har tolmod og evne til å gi gode rammer
- kan ta imot barnet ei eller fleire helger per månad (avtalast etter behov)
Du må leggje fram politiattest før du startar.
Kva får du som besøksheim?
Som besøksheim får du:
- tett oppfølging frå kommunen
- rettleiing ved behov
- godtgjersle etter gjeldande satsar
Du treng ikkje ha formell erfaring frå før. Vi gir den opplæringa du treng.
Slik søkjer du
Ordninga er løpande, og du kan søkje når som helst. Bruk vårt digitale søknadsskjema:
Søk her
Har du spørsmål eller ønskjer å vite meir?
Kontakt einingsleiar Cesilie Sundgot
Telefon: 454 49 231
E-post: cesilie.sundgot@hareid.kommune.no