Vi treng fleire bustadar til flyktningar

Hareid kommune skal busetje mange flyktningar dette året. No leitar vi etter stader dei kan bu.

Dronefoto frå Hareid sentrum. Biletet er teke utover mot fjorden. Det er vårleg. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Integrering og mangfaldsdirektoratet har bede Hareid kommune om å busetje 90 flyktningar i 2023. Kommunestyret har allereie gitt ei førehandsgodkjenning på 30 av dei, medan dei skal handsame dei resterande i neste møte.

Uansett utfall her, treng vi allereie no fleire bustadar til flyktningane. Vi vil busetje både enkeltpersonar og familiar, så vi leiter etter både leilegheiter eller einebustadar.

Vi tek imot alle tips, men er ekstra interessert i bustadar som ligg nær offentleg transport.

Minimumsmøblering er

  • vaskemaskin
  • komfyr med steikeomn og platetopp
  • kjøleskap og fryseboks (eventuelt kombiskap)
  • eitt garderobeskap eller kommode per soverom
  • omnar eller anna oppvarming i alle rom
  • gardin eller anna skjerming mot innsyn på soverom
  • minst ei seng på kvart soverom

Har du ein bustad som passar skildringa over, kan du melde inn på skjemaet som du finn via denne lenka.