Vil du bli rektor på kulturskulen?
Dei 230 elevane og ti tilsette ved Hareid kulturskule treng ny rektor.
Dei tilsette ved kulturskulen: Jan Ramstad (gitar), Maria Agostinelli (dans), Anton Tonev (slagverk), Kristine Hareide (visuell kunst), Daniel Osnes (piano/keyboard), Yuri Hashimoto (tverrfløyte/saksofon), Bård Inge Myklebust (blåseinstrument/korpsdirigent) og Mads With Kristoffersen (song). Nadia Demirov (stryk/keyboard/piano) og Synne Seiertun Bjerke (dirigent) var ikkje til stades då bilde blei tatt
Erlend Friestad
Vi søkjer ein rektor som ser verdien av både god økonomistyring, personalhandtering og eit mangfaldig musikk- og kulturskuletilbod. Du er også utøvande i minst ei uttrykksform innan kunst- og kulturområdet.
40-prosent-stillinga er ledig frå 1. januar 2027.
Les meir og søk her.
Søknadsfrist 1. desember.
Publisert 16.11.2026 14:48
Sist endra 16.11.2026 14:48