Erlend Friestad
For å stille til val til kommunestyret i Hareid kommune må du ha ei liste med minst sju kandidatar.
Viss du ikkje høyrer til eit registrert parti, må du i tillegg skaffe 40 underskrifter frå røysteføre personar i kommunen. Desse må ikkje stille som kandidatar, og kan også røyste på andre parti/lister i sjølve valet, så det einaste dei godkjenner er at lista kan stille til val i kommunevalet i Hareid kommune.
Det er også ein del andre formelle krav til ei liste som må på plass. Dei kan du får vite meir om her.
Det viktigaste momentet, i tillegg til talet på kandidatar og underskrifter, er at lista må vere levert til kommunen ved valansvarleg seinast 31. mars 2027 klokka 12. Denne fristen er absolutt. Leverer du 12.01, vil ikkje lista bli godkjend og du/ditt parti får ikkje stille til val.
Hareid kommune ønsker å leggje til rette for at prosessen med å stille liste blir enkel, oversiktleg og smidig for alle partar. Vi kjem derfor til å kalle inn til eit møte på nyåret for alle som skal eller vurderer å stille liste til kommunevalet 2027. Møtet er ope for alle interesserte, både gamle folkevalde og potensielt heilt nye.
Dersom du ønsker å bli invitert til eit slikt møte, kan du melde interesse i dette skjemaet.