Vil du jobbe på sjukeheimen?

Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining.

dronefoto av sjukeheimen - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden.
Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar.

Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet

Les meir og søk her

Søknadsfrist 25. september