Vil du vere med i ungdomsrådet?

No er det på tide med nyval av ungdomsrådet. Har du lyst å prøve deg?

Sittande ungdomsåd: Sofie Bjåstad, Rikke Kvammen, Malin Flø Husøy, Matias A Gjerde, Lars V Sæther, Jakob Bjåstad Fugleseth, Mia Finvik, Pranaya Selva, Thanura Premakumar, Gudmund Gryt. Renate Seljeseth Bøe

Fakta om ungdomsrådet

  • Ungdomsrådet består av ti faste medlemmar og ingen varaar. 
  • I dag består rådet av ei blanding av elevar frå både ungdomsskule og vidaregåande skule.
  • Alle som ikkje har fylt 19 år, kan veljast til ungdomsrådet.
  • Ungdomsrådet møtast to-tre gonger i halvåret for å diskutere og kome med råd og innspel i saker som gjeld ungdom.
  • Medlemmane i ungdomsrådet er å rekne som folkevalde og får godtgjersle for deltaking på møta. 

 

Ungdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Dei skal gi råd i alle saker som gjeld dei som gruppe. Er du opptatt i det som skjer i Hareid kommune? Ønsker du å påverke utviklinga i kommunen? Har du meiningar om kva som gjer Hareid til ein god kommune å vekse opp i? Ja, då kan det å engasjere seg i ungdomsrådet vere noko for deg.

Døme som på saker som ungdomsrådet har vore involvert i dei siste åra er

  • nye permisjonsreglar for skulane i Hareid kommune
  • budsjett
  • ungdomsklubb
  • BUA
  • samarbeid med andre ungdomsråd, både regionalt og på fylkesnivå
  •  

Og mykje meir. 

På nettsidene til Barne-, ungdoms og familiedirektoratet kan du lese meir om kva ungdomsrådet er.

 

Val til ungdomsrådet

Valperioden for ungdomsrådet er to år, det er derfor på tide å velje nytt ungdomsråd. Representantar for det sittande ungdomsrådet vil kome rundt i klassane på ungdomsskulen for å informere og dele ut eit skjema. På dette skjemaet kan du melde di interesse for å sitje i ungdomsrådet. Fortel om deg sjølv, kvifor du ønsker å engasjere deg og kvifor du vil gjere ein god jobb.

Du kan fylle ut skjemaet digitalt eller laste ned og skrive ut PDF som du kan levere på rådhuset

Digitalt skjema

Papir/PDF-skjema (PDF, 67 kB)

Frist for å melde seg er 1. februar.

Når alle interesserte har meldt seg, både nye og dei som ønsker å bli med vidare i ungdomsrådet, vil valutvalet i Hareid kommune vurdere innspela og leggje fram eit forslag til kommunestyret. Etter planen skal kommunestyret velje nytt ungdomsråd 12. februar.