I dag er området i Hjørungavåg brukt til masseuttak. Brekke og Kleppe anlegg AS ønsker å utvikle tomta til næringsområde.
Varsel om oppstart planarbeid for detaljregulering med konsekvensutredning for Risneset
I samsvar med plan og bygningsloven §§12-8 og 12-9 vert det varsla oppstart av detaljreguleringsplan med konsekvensutredning for Risneset i Hareid kommune. Planområdet er avgrensa som vist i kartutsnitt nedanfor og omfattar et areal på ca. 364 daa.
Forslagsstillar: Brekke og Kleppe anlegg AS
Plankonsulent: Sporstøl Arkitekter AS
Formål:
På vegne av Brekke og Kleppe anlegg AS frammast det forslag om regulering av område ved masseuttak i Hjørungavåg av Sporstøl Arkitekter. Formålet med reguleringsplanen er eit ønske om å detaljregulere området som i dag blir brukt til masseuttak til framtidig næringsområde. Masseuttaket leverer alle typar knuste massar, plasteringsstein, naturstein og solda jord.
Formålet med planen er å trinnvis transformere området frå masseuttak til industriområde. Det vil då være mogleg å drive med uttak av masser samtidig som det etablerast industri på dei trinna som er avslutta.
Konsekvensutredning
Hareid kommune har vurdert at planforslaget utløyser krav til konsekvensutredning. I den forbindelse leggast et planprogram ut på offentleg ettersyn parallelt med varsling av planoppstart.
Merknader til planarbeidet:
Spørsmål om planen skal rettast til Sporstøl Arkitekter AS v/Bjørnar Sporstøl.
Varslingsdokument er tilgjengeleg på kommunen si nettside www.hareid.kommune.no under kunngjeringar og på www.sporstøl.no under fane «Varsling».
Merknadar og innspel til planarbeidet bes sendt skriftleg til:
Sporstøl Arkitekter AS – Boks 301, 6067 Ulsteinvik eller bjornar@sporstol.no
Tlf.: 700 18 550 eller 918 68 794
Frist for merknad/innspel er satt til 26.06.2019
Andre dokument knytt til planarbeidet: