Vil ha fiskerihamn gratis

Formannskapet ber Kystverket om å få fiskerihamna i Hareid i staden for å betale for ho. Les om denne saka og dei andre vedtaka som blei gjort i formannskapet 2. mars.

Brandal hamn 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Klagesak på Engeskardet

Formannskapet handsama ein klage frå ein naustbyggar ved Engeskardet. Det har tidlegare vore gjeve løyve for oppføring av naust med moglegheit for oppføring av mindre bølgjedempande tiltak.

Etter ei synfaring konkluderte bygningsmynde med at det bølgjedempande tiltaket som var ført opp ikkje var av ein slik karakter som det var gjeve løyve til. Bygningsmynde stilte difor krav om søknad. Tiltakshavar retta seg etter dette, og har søkt i etterkant om dispensasjon for oppføring av bøljedempande tiltak i tilknyting til naust.

I formannskapsmøtet i november blei det gitt avslag på denne søknaden. Utbyggar har klaga på dette vedtaket og det er den klagen formannskapet handsama.

Formannskapet var på synfaring på Engeskardet der dei møtte utbyggar og nabo til utbyggar. Etter eit lengre ordskifte gjekk formannskapet for følgande vedtak (mot ei røyst, Berte Holstad Engen, Høgre):

Klage frå tiltakshavar Lidvar Liaset, datert 05.12.2019, vert delvis tatt til følgje.

Formannskapet vurderer det slik at fordelen med tiltaket er vesentleg større enn ulempene. Det er naudsynt med eit bølgedempande tiltak av denne storleiken og høgda for å beskytte nausta.

Ulempen med privatisering og mindre fri ferdsel blir avbøta ved følgande krav:

Det blir lagt til rette for ålmenn tilgang/passering av område, herunder slik at bølgedempar kan brukast av ålmenta til dømes til fiske. Vidare forutsett ein også at ein fjerner anleggsveg og tilbakefører dette området slik det var før prosjektet blei igangsatt.

Det er bølgevern 1 pluss ferdselsområde mellom naust og bølgevern 1 det blir gitt dispensasjon for. Bølgevern 2 blir det ikkje gitt dispensasjon for.

Formannskapet oppmodar at eventuell vidare utbygging i området blir initisert i planarbeid.

Den delen av saka som ikkje er tatt til følgje blir sendt til fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg handsaming.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

Reglement for kommunale bygge- og anlegsprosjekt

Då kommunestyret har lagt ned den kommunale byggenemnda og overført tilliggande strategiske funksjon til formannskapet.  Kommunestyret bad samstundes rådmannen om å legge fram reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt.

Administrasjonen meiner det vil vere tenleg dersom formannskapet sitt engasjement kan vinklast i ei meir strategisk retning enn det som byggenemnda tradisjonelt har vore vane med å gjere.  For å kunne lukkast med dette er det naudsynt å vedta eit reglement, som klargjer roller, ansvar og mynde i prosjektarbeidet, på ein tydlegare måte enn tidlegare.

Formannskapet fatta følgande vedtak:

Kommunestyret vedtar «Reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt», slik det ligg føre.  Nemnte reglement ligg ved som vedlegg i denne saka.

Kommunestyret gjer Verbalpunkt 6. i KST PS 127/19 om inkje, då dette verbalpunktet er innlemma i og ytterlegare presisert i reglementet for kommunale bygge- og anleggsprosjekt.

Kommunestyret vedtar «Reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt», slik det ligg føre.  Nemnte reglement ligg ved som vedlegg i denne saka.

Reglementet skal nyttast for alle kommunale bygge- og anleggsprosjekt med estimert kostnad over 10 mill. kroner.  Vedtaket i pkt. 2 i KST 64/19, om terskelverdi på 3 mill. kroner, vert med dette gjort om inkje.

Kommunestyret gjer Verbalpunkt 6. i KST PS 127/19 om inkje, då dette verbalpunktet er innlemma i og ytterlegare presisert i reglementet for kommunale bygge- og anleggsprosjekt.

Kommunestyret gjer Verbalpunkt 7. i KST PS 127/19 om inkje, og vedtar at den generelle rapporteringa på investeringsprosjekta skal gjerast gjennom tertialrapportane og at det skal innførast rapportering også i høve 3. tertial.

(Verbalpunkt 6 i KST PS 127/19 hadde denne ordlyden: Investeringsramma og totalt budsjettert låneopptak skal overhaldast. Dersom det er mindre endringar på enkeltprosjekt kan Rådmannen vurdere flytting av midlar mellom vedtekne prosjekt. Forutsetninga er at vedtekne investeringar og vedlikehald blir gjennomførde som planlagt. Slike endringar skal rapporterast til formannskapet.)

(Verbalpunkt 7 i KST PS 127/19 hadde denne ordlyden: Framdrifta for dei vedtekne tiltak/investeringar og planlagt vedlikehald skal rapporterast i kvart formannskapsmøte.)

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.

Formannskapet vil ikkje kjøpe fiskerihamna i Brandal

Denne saka har vore handsama i fleire runder. Kystverket har på nytt sett i gong avhendingsprosessen for Brandal Fiskerihamn, kort tid etter at Kystverket sjølv stoppa prosessen.  Hareid kommunestyre vedtok i 2019 å kjøpe fiskerihamna, på visse vilkår, for kr 200 000.  Når Kystverket no på nytt set i gong denne prosessen er ingenting endra i høve det som kommunestyret tidlegare har vedtatt å kjøpe.  Men saka må likevel handsamast på nytt, då det ikkje ligg føre budsjettmidlar for dette kjøpet i budsjettåret 2020.

Slik situasjonen er kan det argumenterast både for og imot kjøp av fiskerihamna.  Tidsfristane som Kystverket har sett opnar ikkje for at ein får høve til å vurdere alle aspekt ved dette sakskomplekset, som syner ein tiltakande grad av kompleksitet.  Og av omsyn til kommunen sine øvrige oppgåver, er det heller ikkje sikkert ein bør legge ned for store ressursar i å greie ut om alle uklåre tilhøve kring avhendinga.  Noko som elles brukar å vere eit ansvar som ligg til seljar.

Rådmannen la fram saka med to alternative innstillingar. Ein for kjøp og ein mot.

Formannskapet gjekk ikkje for nokon av desse, men utforma eit eige framlegg som blei samrøystes vedteke:

Hareid kommune ber om eit tilbod frå Kystverket på overtaking av Brandal fiskerihamn etter same prinsipp som ved overdraging til fylkeskommunen.

Brandal fiskerihamn er ikkje direkte omsetteleg til private aktørar og dette er ei framtidsretta løysing til beste for alle partar.

Hareid kommune ynskjer at Kystverket vurderer saka og godkjenner forslaget. Det er liten tvil om at dette er god støtte til fiskerinæringa. Framfor alt vert det ei ordning som medfører ro rundt avhendinga.

Formannskapet ber ordførar om å formidle dette vedtaket i brev til Kystverket.

 

Saka skulle eigentleg opp som politisk sak i kommunestyret 12. mars, men blir no trekt derfrå. Kommunestyret får heller melding i møtet (referatsak) om utviklinga i saka.

 

Utsettes sak om eigedomsselskap?

Denne saka blei utsett av formannskapet. Den skal derfor ikkje opp i kommunestyret 12. mars, som planlagt.

Formannskapet valde samrøystes å utsette denne saka.

I desember 2019 ba kommunestyret administrasjonen om å legge fram ei sak om etablering av kommunalt eigedomsselskap.

På grunn av høgt aktivitetsnivå i eigedomsavdelinga samt tidsperspektiv og kompleksitet i oppdraget, samt eit ynskje om å få eit nøytralt synspunkt, ser ein det ikkje som verken mulig eller hensiktsmessig å utføre utredinga om kva eit eigedomsselskap vil bety.

 

I desembermøtet stramma også kommunestyret inn på bruk av konsulenttenester. Derfor ser administrasjonen det som naudsynt å legge fram sak om å nytte eksterne ressursar til å utrede eigedomsselskap.

 

I utredninga ynskjer ein å få fram kva fordelar, ulemper og konsekvensar ei endring i organisering vil ha for den kommunale eigedomsverksemda, og dei kommunale tenestene som brukarar av kommunen sine eigedomar. Utredninga skal vere faktagrunnlag for eit politisk vedtak, kor vidt eigedomsverksemda skal skiljast ut som eige kommunalt føretak eller fortsette som det er i dag. Målsettinga er politisk handsaming i mai 2020. 

 

Alkoholpolitisk handlingsplan

Gjeldande Alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2020, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan.
Utkastet inneheld hovudmåla for Hareid kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol.

Planen har lagt ute på heimesida til kommunen og spesielle interessentar har fått tilsendt informasjon elektronisk.

Alkoholpolitisk handlingsplan bør reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert, aktuell og ein plan noverande kommunestyre kan forhalde seg til.

Formannskapet vedtok handlingsplanen frå rådmannen med følgande endringar:

Kommunestyret vedtek utkast til Alkoholpolitisk handlingsplan som den ligg føre i veldegg 1. med endring i pkt. 4.1.1. kulepunkt 7 vert endra frå:

Kulturbygg og bygg som vert nytta som grendehus til Bygg som vert nytta som grendehus.

Rådmannen får i oppgåve å utarbeide reglar for automatisk fornying til neste fornyingsperiode i 20124. Reglane skal godkjennast av kommunestyret.

1. Nytt punkt 4.2.4 «utandørs festivalar» med følgjande ordlyd:
Aldersgrensa ved utandørs festivalar der det vert skjenka alkohol skal vere minimum 18 år.

Det vert ikkje gjeve løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk gruppe 3. Det gjeld sjølv om det er sett opp festivaltelt eller liknande.

Festivalområdet skal vere fysisk avgrensa, det skal vere forsvarleg vakthald og sett i verk forsvarlege tryggingstiltak.

2. Første avsnitt i punkt 4.1.2 Skjenketider vert endra slik:

Normal skjenketid for gruppe 1 og 2 frå kl 11:00 - 02:00 alle dagar, hotellet får skjenke frå kl 09:00.

Normal skjenketid for gruppe 3 frå kl 13:00 - 24:00 alle dagar.  

3. Følgjande tekst vert lagt til under punkt 4.4.3 Innhenting av uttalar:

Når det vert søkt om skjenking på utandørs areal, skal det innhentast uttale frå teknisk etat. Teknisk etat gjev uttale om reguleringsmessig status, avstand til trafikkareal, plassering og utforming av skjerming/gjerde, eigartilhøve m.v.

 

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.

 

Delegeringsreglementet: Kven skal bestemme kva?

Denne saka var oppe i kommunestyret 6. februar, men då blei det vedteke at saka skulle sendast tilbake slik at også levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet kunne uttale seg.

I utgangspunktet har kommunestyret stor makt og mynde til å treffe avgjersler i ein kommune. Det er likevel ikkje føremålstenleg og særleg effektivt at kommunestyret fattar vedtak i alle saker.

Derfor delegerer dei mange av sakene «sendt nedover» i systemet. Noko blir delegert til underliggande, folkevalde organ, til dømes Levekårsutvalet, medan anna blir delegert til administrasjonen.

Eit døme er skjenkepolitikken. I dag er det kommunestyret som fattar vedtak om vanlege skjenkeløyve til ute- og serveringsstader, medan myndet til å gi løyve til enkelthendingar (ambulerande skjenkeløyve) er delegert til administrasjonen. Desse enkeltvedtaka kan klagast på, og då vil Levekårutvalet vere fyrste klageinstans.

Det er ikkje alt kommunestyret kan delegere vidare. Då er dette formulert i lov – gjerne i frasen «kommunestyret sjølv bestemmer».

Dette regelverket for kva utval eller roller som bestemmer kva, er samanfatta i eit delegeringsreglement.

Det gjeldande delegeringsreglementet er frå 2012. Mykje har skjedd med lovverk og organisering i kommunen sidan då. Ei elektronisk samling av alt relevant lovverk gir ei god oversikt, så no er også lover som tidlegare ikkje var delegert, delegerte der det er naturleg.

Denne saka gjeld det politiske delegeringsreglementet. Rådmannen har i tillegg eit internt delegeringsreglement som viser fordeling av delegert mynde i kommuneorganisasjonen.

Rådmannen har i gjennomgangen lagt vekt på kvalitet og effektivitet. Mykje er som før, men den største endinga er knytt til meir effektiv sakshandsaming ved å foreslå ein auke i det faglege arbeidsområde til utvalet for næring og miljø (NMU).

Delegeringsreglementet vil etter at det er vedtatt bli lagt elektronisk tilgjengelig på Hareid kommune sine nettsider.

Dei folkevalde har tidlegare blitt orientert om saka.

Formannskapet fatta følgande vedtak:

Kommunestyret vedtek vedlagt delegeringsreglement slik det ligg føre med følgjande tillegg:

Formannskapet viser til adminstrasjonen sin tolking om kva som skal reknast som saker av prinsipiell betydning og ynskjer at den skal leggast inn som generell informasjon i delegeringsreglementet.

Formannskapet ynskjer evaluering av delegeringsreglemet i inneverande periode.

Under Ordførar skal tredje punkt endrast til
Formannskapet kan sjølv gi ordføreren mynde til å treffe vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning, dersom ikkje kommunestyret har bestemt at mynde ikkje kan delegerast.

Mindre endringar/justeringar i delegeringsreglemntet kan gjerast av ordførar og rådmann. Desse skal dokumenterast og refererast i formannskapet.

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte 12. mars.