Vurderer å gjere det fast med éin valkrins – vil høyre di meining

Hareid kommune tek sikte på å gjere ordninga med éin valkrins fast frå kommune- og fylkestingsvalet i 2027. Før kommunestyret tek endeleg stilling, ønsker formannskapet innspel frå innbyggjarane.

tre røystebåsar på rekke i kommunestyresalen - Klikk for stort bilete938 personar valde å røyste på valdagen i stortingsvalet i 2025. Resten - 1933 - røysta på førehand. Erlend Friestad

Ved stortingsvalet i 2025 prøvde Hareid kommune ei mellombels ordning med éin valkrins og eitt vallokale på rådhuset.

Bakgrunnen for endringa var mellom anna høgare kostnadar på grunn av endringar i vallova. Desse førte til strengare krav til universell utforming for personar med nedsett funksjonsevne, eit større behov for å rekruttere valmedarbeidarar og ønsket om ei enklare og meir robust valgjennomføring. I saka frå 2025 blei ekstrautgiftene ved å halde oppe vallokala i dei tre andre krinsane vurderte til om lag 68 000 kroner. 

 

Gode erfaringar med éin krins

Evalueringa viser at ordninga med éin krins fungerte godt:

  • Ingen har meldt frå om at dei ikkje fekk røyste på grunn av endringa.
  • Det var ingen avvik eller hendingar som påverka valgjennomføringa på valdagen.
  • Kommunen fekk enklare administrasjon, betre oversikt og mindre behov for bemanning, transport og rigging.
  • Dette styrka tryggleiken i valet og risikoen for feil blei redusert.
  • Det var ikkje kø av betydning, og det var god kapasitet på parkeringsplassane ved rådhuset.
  • Tilbakemeldingane frå veljarane var i hovudsak gode, men nokre få var kritiske til at vallokala i krinsane var borte, på grunn av brot med tradisjonar.
  • Nokre veljarar fekk litt lengre reiseveg. Kommunen viste samstundes til svært romsleg førehandsrøysting, institusjonsrøysting og heimerøysting som alternative måtar å røyste på.

 

Evalueringa peiker òg på at kommune- og fylkestingsvalet i 2027 blir meir krevjande enn stortingsvalet, mellom anna fordi det er to val og meir arbeid med oppteljing og etterarbeid. Samstundes har kommunen færre tilsette enn før. 

Kommunedirektøren tilrådde derfor i saka at Hareid kommune gjer ordninga med éin valkrins fast.

LES OGSÅ: Evaluering av stortingsvalet i Hareid kommune 2025

Dette har formannskapet vedteke

Då formannskapet diskuterte saka i møtet 28. september vedtok dei følgande:

Hareid kommune tek sikte på å gjere ordninga med éin valkrins i kommunen fast frå komande kommunestyre- og fylkestingsval.

 

Men før endeleg vedtak i kommunestyret, ønsker dei å leggje ordninga ut på høyring, for å sikre innbyggarmedverknad.

 

Slik sender du inn høyringssvar

Du kan sende inn elektronisk høyringsinnspel via denne lenka

Send inn høyringssvar

Oppgi 26/1269 som saksnummer.

 

Dersom du ønsker å sende inn høyringsinnspel per post, sender du til

Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Høyringsfrist er tre veker og sett til 19. oktober.

Årsaka til den korte høyringsfristen, er målet om å få eit vedtak tidsnok til at kommunedirektøren kan bake vedtaket i kommunestyret inn i budsjettet.