Kommunale planar

Kommunale planar

Hareid kommune legg gjennom ulike planar føringar for kva mål vi skal jobbe etter, kva verdifokus vi har, og korleis vi kan gje eit optimalt tilbod til innbyggjarane. I desse planane ligg også føringar om å ha fokus på, og arbeide med, tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette born og unge.

Her finn du lenker til ulike planar som er aktuelle og utdrag frå planane som seier noko om dette. 

 

VISJON FOR HAREID

(Henta frå kommuneplan for Hareid 2006-2018, under revidering):

Hareid skal vere ein god og trygg kommune å bu, leve og virke i. Folk skal trivast, kjenne samhald og identitet, vere nyskapande og ha omsorg for kvarandre. Ein attraktiv bustadkommune med allsidige opplevingstilbod slik at personar med kompetanse for å utvikle og styrkje næringslivet vil bu i kommunen, og ungdomen vel å busette seg i heimkommunen. Kommunen finn den beste balansen mellom private eigenyttige behov og kjensla for fellesgoda. Naturarven og miljøet i Hareid skal forvaltast og sikrast til trivsel og nytte for alle. Kommunen arbeider kontinuerlig for at dei busette i Hareid kommune og næringslivet sikrast eit godt tenestetilbod, ein tidsmessig kommunal infrastruktur og gode kommunikasjonar. Utviklinga av kommunen skal byggje på prinsippet om berekraftig utvikling ved å arbeide for redusert forbruk av ikkje fornybare ressursar. Mellom konjunkturavhengige område som arbeidsplassar, økonomi, servicetilbod og skiftingar i dei politiske verdigrunnlaga vert menneska og deira møteplassar sette i sentrum. Krafta som ligg i kommunikasjon og samhandling vert berebjelken for kontinuitet, nyskaping og vidare utvikling i Hareid-samfunnet.

 UTDRAG FRÅ HOVUDMÅLA:

  • Hareid skal vere bu- og opplevingskommune. Ein attraktiv kommune å bu og leve i for den einskilde, for familien, tilflyttarar og kompetansepersonar.
  • Hareid kommune skal gi barn og unge gode oppvekstvilkår, trygge miljø, trivsel og samkjensle som grunnlag for livskvalitet, identitet og utvikling.

 

KVALITETSPLAN FOR GOD OPPVEKST:

Kvalitetsplan for god oppvekst er ein strategisk plan for utvikling av oppvekstsektoren i Hareid 2016-2020, men som framleis er gjeldande. Her vert det påpeika at fokuset på folkehelse skal vere gjennomgåande i Hareid kommune sine planar. Det er ei overordna målsetting for alle instansane i kommunen å arbeide førebyggande og heilskapleg med barn i oppvekstmiljøet. Kvalitetsplanen har 4 satstingområder; Læringsmiljø, tidleg innsats, samarbeid heim – barnehage/skule og tverrfagleg samhandling. Sjølv om vi no er 2022 er denne planen gjeldande, ettersom ein har valgt å utsette revidering pga. ulike kompetanseprosjekt ein jobbar med no, som vil vere grunnlag for ein ny kvalitetsplan.

 

HELSE- OG OMSORGSPLAN 2022-2030

5 Visjon og mål

Målet med helse og omsorgsplanen er at innbyggarar i Hareid kommune skal klare å meistre eige liv i størst mogleg grad, lengst mogleg og ha tryggleik for at dei får den hjelpa dei har behov for når dei treng det. Dette skal vi gjere med utgangspunkt i bærekraftmåla:

  • God helse og livskvalitet 
  • God utdanning 
  • Mindre ulikskap
  • Bærekraftige lokalsamfunn
  • Samarbeid for å nå måla

8. Satsingar

... Tidleg innsats er eit tiltak som er helsefremmande og førebyggande, men det kan også stoppe ei ikkje ønska utvikling. Det handlar om fremje helse i alt vi gjer, og legge til rette for meistring, trivsel og deltaking gjennom alle fasar av livet. På samfunnsnivå handlar det om å oppdage utsette grupper og utviklingstrekk som gjev grunn til uro, og førebyggje helseproblem. I møte med den enkelte handlar det om å avdekkje utfordringar og ta tak i dei før dei vert for store. Tidleg innsats inn mot barn og unge handlar om å legge eit godt grunnlag for resten av livet, og å ha eit særskild fokus på dei som treng ekstra oppfølging for å sikre ei god utvikling. Tidleg innsats kan og vere å finne nye måtar å arbeide på, og utvikle berekraftige løysingar i møte med utfordringar vi veit kjem. 

 

HANDLINGSPLAN MOT VALD I NÆRE RELASJONAR, SUNNMØRE 2021-2025

Hareid kommune har som deltakar i eit interkommunalt prosjekt vore med å utarbeide og vedta "Handlingsplan mot vald i nære relasjonar - Sunnmøre 2021-2025". Planen vart vedteken i juni 2021, og inneheld:

  • Kunnskapsdel - informasjon om vald i nære relasjonar, ansvar, plikt, rettar
  • Handlingsdel - våg å sjå, våg å spørje, kunnskap til å handle
  • Oversikt over hjelpeapparatet - kommunale tenester, samarbeidsaktørar, nasjonale tenester og nettressursar
  • Tiltak i perioden

Pkt. 2.5.1 - Samordning av tenester
Kommunane har ansvar for å samordne tenestene sine og sørgje for at utsette for vald i nære relasjonar får heilskapleg oppfølging. Dette krev tverretatleg samarbeid, på systemnivå og i enkeltsaker. Samarbeidet må omfatte både kommunen sine eigne tenester, krisesenter, andre tilbod for valdsutsette/ valdsutøvarar og statlege tenester som politi, familievern og spesialhelsetenester.

 

Lenkar til andre planar og styringsdokument som er relevante:

Planar og styringsdokument i skule og barnehage

Planar og styringsdokument for sektor for velferd

Rettleiar ved uro for radikalisering og valdeleg ekstremisme (PDF, 8 MB)