Overordna samhandling

Overordna samhandling

For å betre ruste kommunen til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng er det avgjerande med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, samt legge føringar for det førebyggande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med barn og unge har også her moglegheit til å løfte problemstillingar og moglegheiter på eit høgare nivå. 

Kommunedirektøren si leiargruppe

Består av kommunedirektør, kommunalsjef for velferd, kommunalsjef for læring og kultur og kommunalsjef samfunnsutvikling. Treffast ca ein gong i veka. 

Samarbeidsforum for barn og unge

ARBEID OG SAMARBEID

Hareid kommune skal gi barn og unge gode oppvekstvilkår, trygge miljø, trivsel og samkjensle som grunnlag for livskvalitet, identitet og utvikling. (ref.kommuneplanen 2006-2018)

Tverrfagleg samarbeid i Hareid kommune er basis for utviklinga av det førebyggande arbeidet for barn og unge i eit folkehelseperspektiv. Oppvekstmiljøet er samansett, og kommunen har eit ansvar for å sikre den nødvendige heilskapen. Barn og unge lever ikkje sine liv innanfor sektorgrenser. Då er det viktig at desse tenestene samarbeider og er mest mogleg samordna.

Samarbeidsforum for barn og unge er forankra i rådmannens leiargruppe og rapporterer politisk til levekårutvalet.

Samarbeidsforumet i Hareid kommune har desse faste medlemmane:

            - Kommunalsjef velferd                                 

            - Kommunalsjef læring og kultur                             

            - Leiar barnevernet

            - Leiar interkommunalt PPT    

            - Einingsleiar helse og koordinerande eining     

            - Folkehelsekoordinator            

            - Leiande helsesjukepleiar

 

Samarbeidande instansar:

Samarbeidsforum for barn og unge kan samarbeide med kommunale og eksterne samarbeidspartar ved behov.

 

Samarbeidsforumet er eit organ for:

•          Informasjon

•          Overordna planlegging

•          Koordinering

•          Ansvarsfordeling

•          Samhandling

Politiråd

Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for det førebyggande arbeidet i Hareid. Hareid og Ulstein kommune har eit felles politirådssamarbeid som har møter fire gongar i året. I desse møta deltek lensmann og politikontakt, ordførar, varaordførar, kommunedirektør og SLT-koordinator i begge kommunar.