Folkemøte: Ver med og diskuter budsjettet for Hareid

Folkemøte: Ver med og diskuter budsjettet for Hareid

Kva bør kommunen skjerme, kvar kan det kuttast, og finst det moglegheiter for nye inntekter? Onsdag 18. november klokka 18 inviterer Hareid kommune til folkemøte om budsjettet på Hareid folkebibliotek.  

droneofoto - soloppgang over Hareid sentrum og Storfjorden - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Folkemøtet skal både gi innbyggarane informasjon om budsjettframlegget og opne for spørsmål og innspel før dei folkevalde gjer sine prioriteringar. Innbyggarar, lag, organisasjonar og næringsdrivande kan delta på biblioteket eller følgje sendinga direkte og sende inn spørsmål digitalt.

Det er inga påmelding.

 

Vil skape felles forståing

Hareid står i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Kommunen har dei siste åra brukt over 100 millionar kroner meir enn han har hatt til rådvelde. Dette meirforbruket må betalast ned. Det er allereie gjennomført store kutt og omstillingar, og arbeidet må halde fram i åra som kjem.

Kommunen er på ROBEK-lista, eit register over kommunar i økonomisk ubalanse. Det inneber mellom anna at Statsforvaltaren kontrollerer at årsbudsjettet er lovleg, og må godkjenne låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunen må gjennomføre tiltak for å få økonomien i balanse.

Kommunedirektøren ønsker at folkemøtet skal gi betre forståing for både utfordringane og prioriteringane i framlegget. Samstundes skal innbyggarane få forklare kva dei meiner er viktig. Det er rom for innspel om kva kommunen kan kutte, kva som bør skjermast, og moglege nye inntekter.

– Felles forståing for utfordringar og løysingar er heilt avgjerande. Få vil få ja, mange må få nei – særleg i den situasjonen Hareid er i no. Men om du har fått forklart kvifor du får eit nei, er det lettare å akseptere, seier kommunedirektør Bent Arild Grytten.

 

Presentasjon først, så spørsmål og innspel

Folkemøtet varer frå klokka 18 til 19.30. Den første timen presenterer kommunedirektøren budsjettframlegget, og kommunalsjefane gjer greie for sine område. Den siste halvtimen er sett av til spørsmål og innspel. Kommunedirektøren, assisterande kommunedirektør og kommunalsjefane er tilgjengelege for spørsmål.

Innbyggarane og dei folkevalde får høyre den same presentasjonen og kvarandre sine tankar om framlegget. Den formelle møtestarten i dei folkevalde organa er først etter at folkemøtet er avslutta. Under fellesdelen deltek dei folkevalde på lik linje med andre innbyggarar. Deretter går råda og utvala kvar til sitt for å handsame budsjettet.

Når kommunedirektøren har lagt fram sitt forslag, er det dei folkevalde som avgjer eventuelle endringar og korleis innspela skal vektleggjast fram mot endeleg vedtak.

Kommunedirektøren legg fram forslaget 11. november, ei veke før folkemøtet. Kommunen vil lage samandrag av områda i budsjettet for å gjere innhaldet tilgjengeleg for flest mogleg. For dei som er opptekne av ei bestemt teneste, er det også nyttig å lese detaljane i sjølve budsjettdokumentet.

– Dersom du er i tvil om eit spørsmål er godt nok, er det berre å sende det inn, så skal vi gjere vårt for å svare. Det beste er om du kjem sjølv og stiller spørsmålet, men du kan også delta digitalt, seier kommunikasjonsrådgivar Erlend Friestad.

Skjemaet for spørsmål til folkemøtet blir tilgjengeleg når budsjettframlegget er klart. Det er mogleg å sende inn spørsmål både på førehand og under møtet. Dei digitale spørsmåla blir stilte i møtet så langt tida strekk til. Ved stor pågang blir spørsmål frå dei som oppgir namn, prioriterte i spørsmålsrunden. Det er også mogleg å sende inn anonymt.

 

Innspela blir tekne med vidare

Alle skriftlege spørsmål og innspel blir arkiverte i kommunen sitt sak- og arkivsystem og sende vidare til dei folkevalde. Det gjeld også innspel som ikkje rekk spørsmålsrunden. Dersom mange spørsmål blir ståande utan svar, vil kommunen vurdere å svare i andre kanalar.

Spørsmål og innspel blir publiserte i ein eigen artikkel på kommunen si nettside, som blir oppdatert fortløpande. Namnet blir også publisert dersom innsendaren har oppgitt det. Dette blir det informert om i skjemaet før innsending.

Kommunen vil ha eigne digitale skjema for spørsmål til folkemøtet, tidlege innspel til kommunedirektøren sitt framlegg og innspel i den formelle høyringa. Dei tidlege innspela er ikkje del av ei formell høyring, men blir likevel tekne med vidare. Budsjettframlegget, samandraga og informasjon om korleis ein deltek, blir tilgjengelege på nettsida og delte i nyheitsbrevet.

 

Vegen fram til endeleg vedtak

11. november: Kommunedirektøren legg fram budsjettforslaget.

18. november: Folkemøte på Hareid folkebibliotek klokka 18–19.30. Etter fellesdelen kjem ungdomsrådet, eldrerådet og RFU med innspel til kommunestyret. Levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet gir si innstilling til formannskapet.

23. november: Formannskapet handsamar budsjettet. Vedtaket blir lagt ut til offentleg høyring i minst 14 dagar.

10. desember: Kommunestyret gjer endeleg vedtak.