Slik blir budsjettprosessen i Hareid kommune

Slik blir budsjettprosessen i Hareid kommune

I denne tidslinja får du oversikt over korleis vi jobbar med budsjettet i Hareid kommune.

April 2026

16. april Dialogkonferanse

Folkevalde, administrasjonen og hovudtillitsvalde møttest for å drøfte utfordringane Hareid kommune står overfor.

Dei fekk orienteringar om korleis internasjonal uro og nasjonal utvikling kunne påverke lokale prioriteringar, folkehelsa, den økonomiske situasjonen i kommunen og utsiktene for dei komande åra.

Deltakarane arbeidde deretter i grupper og drøfta kva kommunen burde prioritere framover. Gruppene presenterte hovudpunkta frå diskusjonane.

Konferansen blei avslutta med informasjon om det vidare arbeidet fram mot rammekonferansen.

Juni 2026

17. juni Rammekonferanse

Folkevalde, administrasjonen og tillitsvalde møttest for å få ei felles forståing av den økonomiske situasjonen og utsiktene for 2027.

Kommunedirektøren og kommunalsjefane orienterte om økonomien og tenesteområda.

Deltakarane arbeidde deretter i grupper med nye idear, prioriteringar og moglege innsparingar.

Det blei ikkje gjort vedtak på konferansen. Resultata frå arbeidet blei tekne vidare til politisk behandling i kommunestyret.

September 2026

Administrasjonen startar budsjettarbeidet

Administrasjonen oppdaterer grunnlaget for budsjettet, mellom anna opplysningar om løn og bemanning.

Leiarane går gjennom økonomien for tenestene sine og førebur forslag til prioriteringar og endringar.

28. september Formannskapet får ei statusoppdatering

Formannskapet blir orientert om statusen i budsjettarbeidet.

Oktober 2026

Administrasjonen utarbeider budsjettframlegget

Tenesteområda melder inn forslag som kan redusere utgiftene eller auke inntektene.

Dei melder også inn behov for investeringar og oppdaterer informasjon om tenestene, gebyra og dei venta utgiftene.

Administrasjonen set saman eit samla budsjett og oppdaterer det når framlegget til statsbudsjett er lagt fram.

Kommunedirektøren og leiargruppa vurderer behova og prioriterer mellom dei ulike forslaga.

Mot slutten av månaden arbeider administrasjonen med å få dei planlagde utgiftene til å samsvare med dei venta inntektene. Det kan føre til at tiltak må endrast, utsetjast eller prioriterast bort.

19. oktober Formannskapet får ei oppdatering

Formannskapet får presentert ei oppdatert oversikt over budsjettarbeidet.

26. oktober Budsjettframlegget blir sendt til formannskapet

Formannskapet får det oppdaterte budsjettframlegget før arbeidsmøtet i november.

November 2026

2. november Arbeidsmøte i formannskapet

Formannskapet går gjennom budsjettet og kan gi innspel til administrasjonen før kommunedirektøren ferdigstiller framlegget sitt.

5.–6. november Budsjettframlegget blir ferdigstilt

Leiarane oppdaterer tekstane som forklarer prioriteringane for dei ulike tenestene.

Kommunedirektøren sitt samla framlegg til budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027–2030 skal vere ferdig 6. november.

Seinast 11. november Kommunedirektøren sitt framlegg blir offentleg

Innbyggarar, folkevalde og andre interesserte får tilgang til kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett.

17. november Framlegget blir behandla i råd og utval

Budsjettframlegget blir behandla i ungdomsrådet, eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, nærings- og miljøutvalet og levekårsutvalet.

Dette er også fristen for å sende inn spørsmål til kommunedirektøren om budsjettframlegget.

Dato ikkje fastsett Folkemøte om kommunedirektøren sitt framlegg

Etter at kommunedirektøren sitt budsjettframlegg er presentert i dei folkevalde organa, blir det arrangert eit folkemøte om framlegget.

Datoen er ikkje fastsett.

Administrasjonen arbeider med eit mogleg folkemøte samstundes som dei folkevalde organa får lagt fram budsjettet.

21. november Svar på spørsmål

Kommunedirektøren svarar på spørsmåla som har kome inn om budsjettframlegget.

23. november Formannskapet behandlar budsjettet

Formannskapet behandlar budsjettet og lagar si innstilling til kommunestyret.

25. november – 9. desember Formannskapet sitt framlegg blir offentleg

Formannskapet sitt budsjettframlegg blir lagt ut til offentleg ettersyn før kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Budsjettet ligg ute på høyring til 9. desember.

Desember 2026

Dato ikkje fastsett Mogleg folkemøte om formannskapet sitt framlegg

Det er lagt inn ein moglegheit for at formannskapet kan ha eit folkemøte etter at dei har sendt sitt budsjett på høyring.

10. desember Kommunestyret vedtek budsjettet

Kommunestyret behandlar og vedtek budsjettet for 2027 og økonomiplanen for perioden 2027–2030.

Kommunestyret kan gjere endringar i framlegget frå formannskapet.

Budsjettet gjeld for 2027, medan økonomiplanen viser venta inntekter, utgifter og prioriteringar fram til 2030.