Hareid asylmottak

Hareid asylmottak

Hareid asylmottak har 150 plassar og skal vere i drift i minst tre år.

Dronebilete av Myrtunet - Klikk for stort bileteMyrtunet er den eine "avdelinga" til det nye asylmottaket. I tillegg til anlegget her, vil vi nytte Melshorn hotell. Erlend Friestad

Kontaktinformasjon til mottaket:

  • Administrasjonen: 46 93 67 13
  • Beredskap 90 29 82 60 (døgnvakt).

Ordinært asylmottak

Hareid kommune og Utlendingsdirektoratet (UDI) har no inngått avtale om drift av eit ordinært asylmottak på Hareid. Avtalen har ein tidshorisont på tre år, men med høve til forlenging. Totalt til fem år. Hareid kommune har no vore driftsoperatør for to mellombelse mottak, akuttmottak for ukrainske flyktningar i 2022 og for Hareid EMA i 2023. 

 

Melshorn hotell, Myrtunet og to større bustadar

Myrtunet har vore nytta som mellombels mottak i to periodar. I 2022 vart alle bebuarrom og fellesareal oppgraderte. Standarden der er no rimeleg god. I starten av 2023 vart administrasjonsbygninga renovert.

Bygningane er i ferd med å bli mala, og uteområdet skal stellast. Mellom anna skal nokre brakker som ber sterkt preg av forfall fjernast.

Men vi vil og nytte Melshorn hotell. Her er romma gjort om frå to til fire senger. Dette for å gje fleksibilitet i busetjinga. Så det er rimeleg å tru at her vil mange familiar finne ein god mellombels heim.

Melshorn hotell skal og nyttast til dei ulike fellessamlingane som vi skal ha. 

Vi skal og nytte to større bustader. Den eine ligg på Holstad den andre på ytre Hareid.  Mottaket har ved normal drift  vel 150 plassar. Men det ligg i avtalen med UDI ei mulig opptrapping til 191 plassar.

Dei nye asylsøkarane

Det mottaket er eit ordinært mottak, som kan få asylsøkarar frå alle land. Men vi veit at vel 80 prosent av alle asylsøkarar som bur i mottak no, kjem frå Ukraina. Då blir det og ein god del barnefamiliar. Og dermed nye born i skule og barnehage.

Det skal ikkje bu einslege mindreårige i alderen 15-18 år i mottaket. 

Ein del av lokalsamfunnet  

Hareid kommune vil som vertskommune mellom anna ha ansvar for helseteneste og tilbod i skule og barnehage

Sjølv om bebuarane skal vere ved mottaket i ei avgrensa tidsperiode, så skal dei bu i og leve i vårt lokalsamfunn, i Hareid. Mottaket vil følge opp og ta kontakt med lag og organisasjonar og invitere til samarbeid.

Dette inneber ei moglegheit men og eit ansvar for oss alle.

Med kort tid til oppstart kan det kan bli utfordrande å få alt på plass, men Hareid har gjort dette før - og klart det!

Eit lite PS til slutt: I UDI-systemet har mottaket fått namnet Hareid ordinære asylmottak.     Men det ser ut til at namnet på asylmottaket med administrasjon i Isakdalen blir Hareid mottakssenter.