Kven kan få tilskot?
Tilskot til bustader kan gjevast til:
- økonomisk vanskelegstillte
- eldre slik at dei kan forsette å bo heime
- personar med ulike funksjonshemmingar
- flyktningar
Informasjon om bustadtilskot på Husbanken sine sider.
Korleis får du tenesta?
Bustadtislkotet skal gå til økonmisk vanskelegsstilte som bl.a.:
- ikkje sjølv har økonomi til å gjere enkle utbetringar i bustaden for vidare å kunne bu der
- funksjonshemma som må tilrettelegge bustaden for vidare å kunne bu der
- nybygging der ein må tilrettelegge ein del grunna funksjonhemming
Dersom søkjar har oppsparte midlar (formue) skal dette nyttast, enten i si heilheit eller saman med bustadtilskotet, for å utføre tilrettelegginga i bustaden.
Søknadskjema - bustadtilskot
Kva kan du forvente?
Søknadar opptil kr. 40 000 vert handsama administrativt. Søknadar over kr. 40 000 vert handsama i Levekårsutvalet.
Klage
Klagefristen er 3 veker. Klagen skal stilast til Hareid kommune og må innehalde grunngjeving for klage og ev. nye opplysningar.
Lover og retningsliner
Forskrift om tilskudd til etablering og tilpasning av bolig, med mer