Formålet med økonomisk sosialhjelp er å betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik. Den enkelte skal få moglegheit til å leve og bu sjølvstendig. Lova har som mål å bidra til overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Når alle andre inntektsmoglegheiter er utnytta fullt ut, men ikkje strekk til, kan ein ha rett på økonomisk sosialhjelp. Størrelsen på stønaden og kva anna hjelp og oppfølging du kan få, skal vurderast individuelt og skjønnsmessig ut frå kva slags behov du har. Økonomisk stønad vert ofte gitt i kombinasjon med råd og rettleiing
.