Startlån

Startlån

Startlån er for deg som har hatt langvarige problem med å få bustadlån i vanleg bank.

Du kan få lån til ein nøktern og eigna bustad i Hareid kommune med omsyn til pris, storleik og standard.

Dersom du kan få lån til bustad i privat bank, får du ikkje startlån. Du får, med nokre unntak*, heller ikkje startlån dersom du har moglegheit til å spare naudsynt eigenkapital til lån i vanleg bank.

 (* for barnefamiliar, personar som bur i kommunal bustad og personar med særlege sosiale eller helsemessige utfordringar kan det gjerast unntak frå kravet om sparing)

Det er i utgangspunktet ikkje mogleg å bruke startlån som eigenkapital for bustadlån i vanleg bank, men kvar enkelt bank kan gjere unntak frå utlånsforskriften.

Auka etterspurnad og saksbehandlingstid

Det er for tida stor etterspurnad etter startlån i Hareid kommune. På grunn av dette er saksbehandlingstida lengre enn normalt.

Ved inngangen til 2025 hadde vi fleire søknader som ikkje var behandla i 2024. Desse er vidareførte til inneverande år, og vi behandlar søknadene i den rekkjefølgja dei er levert – så snart all dokumentasjon er på plass.

På grunn av lang ventetid rår vi søkjarar til å ikkje knyte søknaden til ein bestemt bustad. Vi anbefaler i staden å søke om eit finansieringsbevis, som viser kva lånesum du kan få. Når du har dette på plass, står du friare til å finne bustad innanfor beløpsramma.

Kven kan få startlån?

Du kan få startlån dersom

  • du er over 18 år
  • du har langvarige bustadfinansieringsproblem
  • du har fast inntekt eller er varig trygda
  • du har økonomi til å betene renter og avdrag på lånet

Par må søke lån saman, og begge må stå ansvarlege for lånet.

Korleis søker du startlån?

Du finn meir informasjon om startlån og lenkje til søknadsskjema (innlogging med elektronisk ID) Husbanken sine nettsider.

Du må laste opp følgjande vedlegg til søknaden:

  • Løns- og/eller trygdeslippar for dei tre siste månadane
  • Stadfesting på eigenkapital
  • Rapport frå Gjeldsregisteret
  • Dokumentasjon på gjeld
  • Avslag på bustadlån i vanleg bank

    Ved særskilde høve:
  • Ved tilrettelegging av bustad - legeattest og/eller ergoterapirapport
  • Ved kjøp av konkret bustad - kjøpekontrakt/salsoppgåve/festekontrakt
  • Ved utbetring - dokumentasjon på arbeidskostnadar

Kva skjer med søknaden din?

Vi behandlar søknaden din så raskt som mogleg. 

Når du eventuelt har fått tilsegn på lån (finansieringsbevis), kan du legge inn bod på ein eigna bustad som kommunen har godkjent. Eigedomsmeklar vil då kontakte kommunen for å få stadfesta at du har tilstrekkeleg finansiering.

Når du har kjøpt bustad, må du sende inn signert kjøpekontrakt og informasjon om bustadforsikring. Vi set då i verk utbetaling av lånet til det tidspunktet du skal overta bustaden.

Klage

Du har 3 vekers klagefrist frå du mottar svar på søknaden din. Klagen skal stilast til Hareid kommune og må innehalde grunngjeving av klagen og eventuelt nye opplysningar i saka. 
 

Lover og retningslinjer

Lov om Husbanken
Forskrift om lån frå Husbanken
Retningslinjer for startlån - Vedtekne KST 26.05.2025 (PDF, 142 kB)

Kontakt

Kristian Stråmyr
leiar
E-post
Mobil 47 88 51 25