Eg vil søke om startlån
Startlån kan vere aktuelt for deg som over tid har hatt vanskar med å få bustadlån i vanleg bank. I enkelte tilfelle kan lånet òg brukast til utbetring, oppføring eller refinansiering dersom det kan medverke til at du får behalde bustaden din. Her finn du informasjon om vilkåra, dokumentasjonen du må legge ved, og korleis du søkjer.
Kven kan få startlån?
Du kan søkje dersom du:
- er over 18 år
- har langvarige problem med å finansiere bustad
- ha beteningsevne
Som hovudregel må du ha budd i Hareid kommune i minst eitt år. Kommunen kan gjere unntak etter ei individuell vurdering.
Kan eg få startlån dersom eg får lån i vanleg bank?
Nei. Du får ikkje startlån dersom du kan få eit tilstrekkeleg bustadlån i ein vanleg bank. Med enkelte unntak får du heller ikkje startlån dersom du har høve til å spare opp den eigenkapitalen du treng for å få lån i bank.
Bør eg søkje om startlån?
Før du søkjer, kan du prøve Husbanken sin låneveljar for startlån. Låneveljaren kan gi deg ein peikepinn om du bør søkje, og kva lånetype som kan vere aktuell for deg. Resultatet er berre rettleiande.
Kva slags bustad kan eg kjøpe?
Du kan få lån til ein nøktern og eigna bustad i Hareid kommune. Kommunen vurderer mellom anna prisen, storleiken og standarden på bustaden.
Korleis søkjer eg?
Du søkjer elektronisk via Husbanken. Du må logge inn med elektronisk ID.
Kva dokumentasjon må eg legge ved?
Kva dokumentasjon du må legge ved, kjem an på situasjonen din. Søknadskjemaet viser kva du skal laste opp. Du må som hovudregel legge ved:
- løns- eller trygdeslippar for dei siste tre månadene
- stadfesting på eigenkapital
- rapport frå Gjeldsregisteret
- dokumentasjon på gjeld
- avslag på bustadlån frå vanleg bank
Bankavslaget bør vise kven som har søkt, lånebeløpet, eigenkapitalen som er lagd til grunn, og kva løpetid og renteform banken har vurdert. Dersom banken har grunngitt avslaget eller kan tilby ei alternativ finansiering, bør dette òg gå fram.
Må eg sende inn annan dokumentasjon?
I enkelte saker kan du òg måtte legge ved:
- legeattest eller ergoterapirapport dersom bustaden må tilpassast
- kjøpekontrakt, salsoppgåve eller festekontrakt dersom du har funne ein konkret bustad
- dokumentasjon på arbeidskostnader dersom du søkjer om lån til utbetring
Kva skjer etter at eg har søkt?
Kommunen behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du får eit finansieringsbevis, kan du legge inn bod på ein eigna bustad som kommunen har godkjent. Når du har kjøpt bustad, må du sende inn signert kjøpekontrakt og informasjon om bustadforsikring før lånet kan betalast ut.
Kvar finn eg reglane for startlån?
Kan eg klage på vedtaket?
Ja. Klagefristen er tre veker frå du tek imot svaret på søknaden. Klagen skal sendast til Hareid kommune. Bruk skjemaet du finn på denne sida om klagerett.
Eg har fått startlån
Her finn du svar på vanlege spørsmål om betaling, renter og kva du bør gjere dersom du får betalingsproblem.
Kvar finn eg informasjon om lånet mitt?
Intrum administrerer lånet for Hareid kommune. På “mine lån” finn du mellom anna saldo, betalingsplan og registrerte innbetalingar. Du kan òg sende melding til Intrum der.
Kva betaler eg kvar termin?
Terminbeløpet består av avdrag, renter og termingebyr. Nedbetalingsplanen viser kor mykje du skal betale.
Kva er skilnaden på fast og flytande rente?
Rente er det du betaler for å låne pengar. Flytande rente kan gå opp og ned. Fast rente gir meir føreseielege betalingar i den avtalte perioden, men mindre fleksibilitet. Dersom du endrar eller bryt ein fastrenteavtale, kan du måtte betale overkurs eller få underkurs.
Kan eg betale ekstra eller endre lånet?
Kontakt Intrum før du betaler ekstra, innfrir lånet eller ynskjer andre endringar. Har du fast rente, kan endringar utløyse overkurs eller underkurs. Bruk “mine lån” for å kontakte dei.
Kva gjer eg dersom eg får betalingsproblem?
Ta kontakt så tidleg som mogleg. Intrum kan hjelpe deg med oversikt og formidle saka vidare dersom ho må vurderast av kommunen. Kommunen kan i enkelte tilfelle vurdere endringar i betalingsvilkåra.
Kva skjer dersom eg ikkje betaler?
Manglande betaling kan føre til purring, gebyr, forseinkingsrenter og inkasso. Ved alvorleg og langvarig mishald kan bustaden i siste instans bli seld. Du har framleis ansvar for eventuell restgjeld etter salet.
Kvar kan eg få hjelp med økonomien?