Riving

Riving

Dersom du skal rive eit bygg, eller delar av eit bygg, er det fleire ting du må gjere på førehand.

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. 

Rive utan å søkje

Sjekk om tiltaket ditt er nemnt i rettleiaren «Dette kan du bygge uten å søke kommunen om tillatelse». Dersom det er lov å bygge utan å søke, kan du også rive.

Søke sjølv

Der du sjølv kan søke om å bygge, kan du også søke om å rive. 

Meir informasjon om kva du kan søke om sjølv finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet og i søknadspakken til kommunen. 

Søke med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarleg føretak som står for søknaden.

Før rivinga vert sett i gang, må den naudsynte prosjekteringa vere gjennomført.

Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess. Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. 

Firmaet må ha erklært ansvarsrett for sine fagområde.

Spesielt for riving

  • Teikn eit kryss på situasjonsplanen over bygget som du søker om å rive.
  • Send inn teikningar eller foto som viser bygget.
  • Du må opplyse om føremålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga.
  • Send inn stadfesting på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om løyve til å sette i gang.

Viktig å huske

  • Kvitt deg med avfallet på ein miljøriktig og lovleg måte.
  • Rivearbeid skal sikrast i samsvar med plan- og bygningslova  § 28-2.
  • Kontakt kommunen om det er eit eldre bygg, det kan hende at bygget er SEFRAK-registrert eller verneverdig.
  • Kontakt kommunen når det gjeld å plombere vatn- og avlaupsleidningar. 
  • Kontakt andre leidningseigarar når det gjeld leidningar  i lufta eller i grunnen (t.d. telefon, breiband, vatn).

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknaden vert handsama innanfor det gjeldande lovverket utan ugrunna opphald.

Kva kostar det?

Gebyret for riving av eit bygg varierer etter storleiken på bygget. Du finn liste over prisar her.

Korleis søkjer du?

Fyll ut skjemaet og send det inn. Hugs å ta med naudsynt dokumentasjon (sjå over). 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.

Lover

Plan og bygningslova
Byggesaksforskrifta