Deling av grunneigedom

Dersom eigar av ein eigedom ynskje å dele i frå nye parsellar, må det søkast om deling. Ein slik søknad har som oftast to-trinns handsaming, først etter plan- og bygningslova, deretter etter matrikkellova. Det er plan- og bygningslova sine reglar som avgjer om du kan få lov til å dele. Matrikkellova set krav til søknaden og gjennomføringa av delingsløyven.

Kven kan få tenesta?

Grunneigarar og tomtekjøparar kan søkje om deling av grunneigedom.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Ved søknad om deling av eiendom, krevst det søknad på fastsatt skjema som skal vere underteikna av heimelshavar- ev. med fullmakt dersom det er mange.

Søknad om løyve til tiltak

Opplysningar om tiltaket sine ytre rammer

Krav om matrikulering - herunder oppmålingsforretning

Vedlegg

  • Kartutsnitt med innteikna areal
  • Nabovarsel
  • Gjenpart av nabovarsel

Når delingsløyve er gjeve er det neste steget å gjennomføre oppmålingsforretninga. Om vinteren kan den praktiske gjennomføringa av forretninga vere uråd grunna snø og tele. Dersom det er behov for hurtig frådeling kan det utstedast utsetjing av oppmålingsforretning.

Det produserast eit dokument som blir tinglyst og eigedomen vert oppretta med eit gards- og bruksnummer. Oppmåling i marka skjer på eit seinare tidspunkt (innan 3 år).

Klage

Klagefrist er 3 veker. Klaga skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og vil bli handsama i Næring- og Miljøutvalet. Opprettheld utvalet vedtaket, blir saka sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Klaga skal sendast til:
Hareid kommune,
Rådhusplassen 5,
6060 Hareid

Kva kan du forvente?

Trinn 1 Søknaden vurderast opp mot gjeldende planar og krav i plan- og bygningslova. Deling kan berre godkjennast dersom søknaden ikkje er i strid med gjeldande reguleringsplan/bebyggelsesplan eller krav i lova om tilfredsstillande veg, vatn, avløp, uteareal og hensiktsmessig størrelse og form. Er søknaden i strid med gjeldande plan (reguleringsplan, kommuneplanens arealdel), må søknaden handsamast som ei dispensasjonssak etter plan- og bygningslova sin §§ 19-1 og 19-2. Dersom det føreligg særlege grunnar, kan dispensasjon gjevast.

Trinn 2 Etter at delingsløyve er gjeve, vert det heldt oppmålingsforretning og til slutt produserast eit matrikkelbrev over eigedomen. Den nye eigedomen er då utskilt som ein eigen eigedom med eige gards- og bruksnr., eventuelt også festenr. Ved bortfeste av delar av ein eigedom i meir enn 10 år, må det også føreligge delingsløyve.

Når ein ny parsell har fått eige gards- og bruksnummer kan skøyte tinglysast på ny eigar. Jordskifteretten avgjer omtvista grenseforløp

Lover

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
Lov om konsesjonsfrihet ved erhverv av fast eigedom osb.

Kontakt

Jostein Hånes
avdelingsingeniør
E-post
Mobil 468 06 815