Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering og reseksjonering

Hareid kommune har hausten 2026 inngått samarbeid med Ulstein kommune om bistand til å handsame søknadar om seksjonering. Søknadane skal likevel sendast til Hareid kommune og journalførast i vårt system før det vert sakshansama i Ulstein kommune. Hareid kommune skal godkjenne og krevje inn gebyr. 
Reseksjoneringssaker skal avklarast i kvar einskild sak, og sak sendast på vanleg måte inn til Hareid kommune. 

Å seksjonere er å dele ein eigedom opp i fleire eigarandelar, der kvar seksjonseigar har einerett til å bruke ein bestemt brukseining i eigedommen. Dette kan f.eks. vere ei leiligheit i ein fleirmannsbustad. Ein seksjonert eigedom er eit sameige, men kvar seksjon er eit eige pante- og salsobjekt.
Seksjonering egnar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein seksjon vil vere ein eigen juridisk eining som kan omsettast og belånast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Reseksjonering er ei ny seksjonering der ein endrar ein eller fleire seksjonar i allereie seksjonert eigedom.

Kven kan søke?
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Kva kan du forvente?
Reseksjonering
Seksjonering av uteareal
Gebyr