Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Avlasting barn

Avlasting barn

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6d.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a

Rett til klage

Lov om pasient- brukerrettigheter § 7 - 2.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 7: Avlasting utanfor institusjon. IPLOS-tenestetype 8: Avlastning i institusjon.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta

Hindre overbelastning, gje omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og mogelegheit til å ta del i vanlege samfunnsaktivitetar.

Kriterier for tildeling
  • Føresette og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid
  • Omsorgsbehovet er av ein slik art at det gjev avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie/ fritid for omsorgsytaren
  • Omsorgsbehovet er av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og langt større enn det som er normalt å forvente ut frå barnet sin alder
Praktiske opplysningar
  • Avlasting kan skje i heimen til barnet, i anna privat heim eller bustad velferd disponerar til avlastning
  • Tildeling av avlasting vert vurdert opp mot andre tenester og tiltak frå kommunen
  • Ekstra avlastingstilbodet gjeld i utgangspunktet ikkje på høgtidsdagar
  • Ved behov for avlasting utover det som ligg i vedtaket må føresette søke særskilt om dette. Til dømes feriestengd skule eller barnehage
  • Barnet må ha med nødvendig personleg utstyr, klede, sko, medisinar, hjelpemiddel m.m. når dei skal på avlasting
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer på ein respektfull måte overfor barn og foreldre
  • Utarbeider tidsfesta plan for avlasting
  • Utpeiker kontaktperson eller primærkontakt til barnet
Tenesta inkluderer ikkje

Utgifter til aktivitetar som t.d. bowling, kino, bading etc. Det kan difor vere greitt at barnet har med litt «lommepengar» for å ha høve til å delta på slike aktivitetar i samband med avlastinga.

Forventningar til tenestemottakar/føresatte
  • Gjer seg kjent med innhaldet i vedtaket
  • Sørger for transport til/frå avlasting (om ikkje anna er avtalt med tenesteytar), inkludert transport av nødvendig utstyr
  • Gjev beskjed så snart som råd dersom barnet ikkje kjem til avtalt tid
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.

Kontakt

Cesilie Sundgot
leiar
E-post
Mobil 45 44 92 31
Sunniva Johnsen
fagkoordinator
E-post