Bustad med heildøgns bemanning bu- og habiliteringstenesta

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-7. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.

Rett til å klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 13 Anna bustad nytta til pleieføremål.

Kostnad

Bebuar inngår husleigekontrakt og betalar husleige og straum til kommunen.

Mål for tenesta

Å kunne huse bebuarar med nedsett funksjonsnivå slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Kriterier for tildeling

Personar med fysisk, psykisk eller sosialt funksjonstap med behov for tilsyn/omsorg heile eller delar av døgnet

Praktiske opplysningar
  • Kommunen har heildøgnsbemanna bustadar knytt til bu- og habiliteringstenesta
  • Kan vere ulike kriterier som ligg til grunn for tildeling av dei bustadane
  • Søkar kan ikkje søke på ein bestemt bustad etter lokalisering. Kommunen tildeler den bustad som er ledig og stettar behova til søkaren
  • Dersom ein takkar nei til tildelt bustad vert saka avslutta og det må søkast på nytt dersom behovet endrar seg
  • Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova
  • Leigetakar kan søke bustøtte hjå Husbanken
  • Leigetakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring
  • Tenestemottakar må sjølv melde flytting til folkeregisteret, posten mm.
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
  • Dagleg vedlikehald som reinhald, skifte lyspærer, opne tette slukar og liknande som er knytt til normal slitasje/forbruk er eit privat ansvar
  • Nedvask av bustad
Forventningar til tenesteytar
  • Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar
  • Vidareformidle meldingar om feil eller manglar ved bygget til eigedom og FDV via Famac
Forventningar til tenestemottakar
  • Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar
  • Deltek i dagleglivet sine gjeremål i den grad vedkomande klarar det
  • Søker om tenester i bustaden som til dømes matombering
  • Gjer seg kjend med vedtak
  • Bebuar seier opp bustad ved opphøyr. Bebuar/pårørande har ansvar for utflytting og nedvask av bustaden. Husleige skal betalast til den 15. ved utflytting første halvdel av månaden og for heile månaden ved utflytting i siste halvdel.
  • Utflytting og nedvask vert gjort snarast råd etter at leigebehovet er avslutta
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.