Dagaktivitetstilbod til personar med funksjonsnedsetttingEin sosial møtestad med tilbod om aktivitetar for å bidra til ein meiningsfull kvardag. Mål for tenestaGi trivsel og hjelp til å kunne delta med samfunnsnyttig arbeid/aktivitet ut frå eigen føresetnadHa ein strukturert og meiningsfull kvardagVere deltakar i ein sosial samanhengIvareta behov for fysisk aktivitet og sansestimulering Praktiske opplysningarDagaktivitetstilbod er eit tilpassa dagtilbod for menneske som bur i Hareid kommune og av ulike årsaker har funksjonsnedsetting.Dagtilbodet er per i dag lokalisert på Floten-bygget og har namnet Hareid aktivitetssenter (HAS)Tilbodet til brukarar av dagsenteret vert individuelt tilrettelagd ut frå den einskilde sine behov for aktivisering, trening og meistring. For mange er dagsenteret ein arbeidsplass der tilpassa arbeidsoppgåver gjev auka sjølvkjensle, glede og meining i kvardagenTenesta kan bli tildelt inntil fem dagar i veka, måndag – fredag 09:00 – 14:30 og onsdag/torsdag 18:30 – 20:30Dagsenteret er stengt tre veker om sommaren, alle heilagdagar, dagane mellom jul- og nyttårshelg og i påska. Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer Følgje til fastlege/lege/tannhelseteneste eller spesialisthelsetenesta. Dette forventar vi av dei som mottek tenestaDeltaking i eige tilbodOppmøte etter avtaleDet vert gitt beskjed dersom tenestemottakar ikkje kan møte opp/deltaTek med seg nødvendig medisin og hjelpemiddel Dette kan du forvente av oss Brukar vert møtt med respekt og forståingTilbodet vert tilrettelagt slik at den einskilde føler meistring i dei arbeidsoppgåvene dei gjerOpen dialog og tett samarbeid om utforming av tenesta til brukar Desse kan få tenestaTenesta er eit tilbod til personar over 16 år som har medfødt eller erverva skade – frå lettare grad til multifunksjonsnedsetting og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidslivBrukar har behov for å auke evne til eigenomsorg – fysisk, psykisk og/eller sosialtBrukar har behov for rettleiing, trening, aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter Dette kostar tenestaDen som får tenesta betalar kostpengar.SøknadsskjemaSøknad om helse- og omsorgstenesteRett til å klageEr du usamd i vedtaket, kan du klage. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket. Ein klage må vere skriftleg og signert av deg, eller den som har fullmakt til å gjere det for degKlagen kan sendast via denne portalen Svar sikkert med eDialog - Hareid kommuneHeimel: Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 Andre opplysningarHer kan du lese kvalitetsstandarden for dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Hareid kommune. (PDF, 2 MB)Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 bokstav a IPLOS-tenestetype 4: dagaktivitetstilbod Har du spørsmål? Du kan sende e-post til sektoren. Hugs at du ikkje må dele sensitive personopplysningar i e-post. Skriv namn, kva teneste du har spørsmål om og kontaktinformasjon, så kontaktar rette vedkomande deg.Treng du å dele sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar, kan du gjere det via denne portalen. Her kan du sende e-post. Publisert av Helga Bøe Sist endra 07.08.2025 13:33