Dagaktivitetstilbod til personar med funksjonsnedsettting

Dagaktivitetstilbod til personar med funksjonsnedsettting

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6 b.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod.

Kostnad

Tenestemottakar betalar kostpengar

Mål for tenesta
  • Gje trivsel og hjelp til å kunne delta med samfunnsnyttig arbeid/aktivitet ut frå eigen føresetnad
  • Ha ein strukturert og meiningsfull kvardag
  • Vere deltakar i ein sosial samanheng
  • Ivareta behov for fysisk aktivitet og sansestimulering
Kriterier for tildeling
  • Tenesta er eit tilbod til personar over 16 år som har medfødt eller erverva skade – frå lettare grad til multifunksjonsnedsetting og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv
  • Brukar har behov for å auke evne til eigenomsorg – fysisk, psykisk og/eller sosialt
  • Brukar har behov for rettleiing, trening, aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter
Praktiske opplysningar
  • Dagaktivitetstilbod er eit tilpassa dagtilbod for menneske som bur i Hareid kommune og av ulike årsakar har funksjonsnedsetting
  • Dagtilbodet er per i dag lokalisert på to ulike plassar:
    •  Sanzibar i Kjøpmannsgata 1
    • I lokala til Fellesskapet dagsenter i underetasjen ved Hadartun
  • Tilbodet til brukara av dagsenteret vert individuelt tilrettelagt ut frå den einskilde sine behov for aktivisering, trening og meistring. For mange er dagsenteret ein arbeidsplass der tilpassa arbeidsoppgåver gjev auka sjølvkjensle, glede og meining i kvardagen
  • Tenesta kan bli tildelt inntil 5 dagar i veka, måndag –fredag 09:00 – 14:30 og onsdag/torsdag 18:30 – 20:30
  • Dagsenteret er stengt tre veker om sommaren, alle heilagdagar og dagane mellom jul- og nyttårshelg og i påskeveka
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Følge til fastlege/lege/tannhelseteneste eller spesialisthelsetenesta

Forventningar til tenesteytar
  • Brukar vert møtt  med respekt og forståing
  • Tilbodet vert tilrettelagt slik at den einskilde føler meistring i dei arbeidsoppgåvene dei gjer
  • Open dialog og tett samarbeid om utforming av tenesta til brukar
Forventningar til tenestemottakar
  • Deltaking i eige tilbod
  • Oppmøte etter avtale
  • Det vert gitt beskjed dersom han/ho ikkje kan møte opp/delta
  • Tek med seg nødvendig medisin og hjelpemiddel
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.