Individuell plan og koordinatorDenne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Lovgrunnlag Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 7-1, § 7-2 og § 7-3. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-5. Rett til klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registrering Nei. Det elektroniske fagverktyet Sampro vert nytta. Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling. Mål for tenesta At tenestemottakar opplever at tenestetilboda er meir samordna, og han/ho har ein fast kontaktperson i kommunen. Kriterier for tildeling Alle som har bruk for fleire og langvarige helse- og omsorgstenester kan få individuell plan og koordinator dersom dei ønsker det I vurderinga skal også tiltak frå andre sektorar takast med Retten til individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon Praktiske opplysningar Individuell plan er ein prosess for korleis tenestene ein person treng skal medverke saman slik at vedkomande får ei heilskapleg oppfølging tilpassa sine behov Koordinator er ein av fagpersonane til tenestemottakar som koordinerer tenestene og sikrar framdrift i arbeidet med den individuelle planen til vedkomande. Ulike yrkesgrupper kan ha rolla som koordinator. Tenestemottakar sine ønskjer skal vektleggjast ved val av koordinator Koordinator sørgjer for at tenestemottakar, og eventuelt pårørande, vert involverte tett i arbeidet med planen Forventningar til tenesteytar Forventningar til dei som tildeler tenesta: Informere om og tildele individuell plan og koordinator der dei ser det kan vere eit behov for dette Forventningar til koordinator: Involvere tenestemottakar og utarbeide ein plan basert på måla til vedkomande Ha oversikt over situasjonen til tenestemottakar' Bidra til at koordinerte tenester samarbeida Bidra til at tenestemottakar opplever at tenestene heng saman slik at vedkomande kan jobbe mot å nå måla sine Forventningar til tenestemottakar Tenestemottakar/føresette skal vere ein aktiv part i utarbeiding av individuell plan Vere deltakar i ansvarsgruppemøter Gje tilstrekkeleg fritak frå teieplikta, for at fagpersonane kan samarbeide Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert av Helga Bøe Sist endra 21.02.2022 12:47