Er du uroa for at nokon tenkjer å ta livet sitt? Ved akutte situasjonar - ring legevakta på 116 117 eller naudnummer 113. Mange som er i ei krise veit ikkje kvar dei skal henvende seg. Enkelte har det så vanskeleg at dei ikkje er i stand til å hjelpe seg sjølv. Då er det viktig at de som er i nærleiken tek initiativ og snakkar med vedkommande. Det å spørje nokon om dei har tankar om å ta sitt eige liv vil ikkje gjere det vanskelegare, men det kan bidra til å redde liv. Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Kva teikn skal ein sjå etter? Faresignal: Teikn på psykiske vanskar, særleg depresjon (tristheit, følelsar av håplausheit) Sterk angst, ytre og/eller indre uro Snakkar om å dø eller om sjølvmord Sosial tilbaketrekking Aukande bruk av rusmiddel Tidlegare sjølvmordsforsøk Faresituasjonar: Tap eller brot i nær relasjon Andre tap eller negative hendingar (jobb, utdanning, økonomi) Utsett for vald eller psykiske traumar Nyleg fått diagnostisert alvorleg sjukdom Sosialt isolert Kven kan eg kontakt for råd og rettleiing? Fleire kommunale tenester kan gje råd og rettleiing om du er bekymra for om nokon du kjenner har tankar om å ta sitt eige liv. Du kan kontakte: Hareid legesenter Legevakt Helsestasjon for born og ungdom Psykisk helse og rus Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse (LPP) Du kan også søkje råd og rettleiing hjå hjelpetelefonar og organisasjonar: Hjelpetelefonar: Kirkens SOS Norge, SOS melding og SOS chat Si det med ord Mental Helse Helpetelefon Kors på halsen (18 år eller yngre) Ung hjelp (for og av ungdom) Organisasjonar: Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord (LFSS) LEVE Unge LEVE Barn av rusmisbrukere Mental HelseMental helse ungdom (opp til 30 år) ungepårørende.no Publisert 18.03.2020 07:55 Sist endra 17.09.2021 13:11