Søre Sunnmøre - individuell jobbstøtte (IPS)

Søre Sunnmøre - individuell jobbstøtte (IPS)

IPS er ein forpliktande samarbeidsmodell mellom NAV, helseføretaket sine avdelingar ved DPS Volda og Myrvåg, samt kommunane Hareid, Ulstein, Sande, Herøy, Vanylven, Volda og Ørsta.

Vårt mål er å hjelpe menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og eller rusutfordringar ut i ordinært arbeidsliv.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Unikt for IPS prosjektet er at jobbsøkaren får individuell oppfølging av ein jobbspesialist som er integrert i jobbsøkaren si oppfylging frå kommunal rus og psykisk helseteneste eller spesialisthelsetenesta DPS. Tilbodet vert gjeve utan anna forutsetning enn at jobbsøkjaren har eit ynskje om å vere i ordinær jobb.

Vi skal starte tidleg i forløpet med jobbsøking. Jobbsøkjar sine ønsker og preferanser skal vektleggast, og arbeidsperspektivet skal integrerast i behandlarforløpet. Oppfølginga av den enkelte jobbsøkjar er individuelt tilpassa, og varer i ubegrensa tid.

IPS bygger på 8 grunnleggande prinsipp:

  • Målet er ordinært, lønna arbeid
  • Tilbudet vert gjeve basert på jobbsøker sine eigne ynskje; ein kan ikkje ekskluderast med bakgrunn i diagnose, symptomer, rus eller sjukdomshistorie
  • Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga
  • Jobbsøk skal basere seg på den enkelte sine interesser og ferdigheiter
  • Oppfølginga inkluderer rådgjevning om søknadar om offentlige ytelsar og trygd
  • Hurtig jobbsøk: Ein skal ikkje ha lengre periodar med førebuing, trening eller rådgivning før ein prøver seg i arbeid
  • Systematisk Jobbutvikling: IPS-jobbspesialisten brukar ein stor andel av tida si på å bygge nettverk hjå arbeidsgivarar basert på å finne aktuelle jobbar som passar kvar enkelt
  • Individuell oppfølging utan tidsbegrensning

Vil du vite meir om IPS prosjektet? Eller kanskje du kan tenkje deg å kome i jobb?

Ta kontakt med din behandlar i teneste for psykisk helse og rus i di kommune, eller kontakt DPS i Volda eller Myrvåg.

Meir informasjon kjem også på ssips.no.

Besøk gjerne facebook sida vår: Søre Sunnmøre IPS