Dag- og nattopphald

Dag- og nattopphald

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse og omsorgstenester § 3-2, nr 5.
Lov om pasient- og brukar rettigheter § 2-1 a andre ledd

Rett til klage

Lov om pasient- og brukar rettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 17: Dagopphald i institusjon.
IPLOS-tenestetype 22: Nattopphald i institusjon.

Kostnad

Krav om eigenbetaling for dag- og nattopphald jf. Vederlagsforskrifta.

Mål for tenesta
  • Tilbod til heimebuande med omfattande hjelpebehov som ikkje kan dekkast i eigen heim eller av andre tenestetilbod
Kriterier for tildeling
  • Tenesta skal vere av førebyggande eller reh-/ habiliterande karakter som til dømes:
  • Vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale ferdigheiter
  • Vere eit ledd i eit vurdering eller rehabiliteringsopplegg
  • Førebygge einsemd
  • Førebygge behov for omfattande heimeteneste eller heildøgns omsorgsteneste
Praktiske opplysningar
  • Tenesta inkluderer aktivisering, sosial stimulering og pleie og omsorg ved svekka funksjonsnivå
  • Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå opphaldet kan det bestillast transport via pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille
  • Den som tek i mot dag-/nattopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemiddel
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Transport til og frå opphaldet

Forventningar til tenesteytar
  • Tenesteytar skal opptre på ein respektfull måte
  • Legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar
Forventningar til tenestemottakar
  • Opptrer på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar   
  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Brukar utfører sjølv det han/ho meistrar
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.

Kontakt

Monica Småge Skeide
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 20
Mobil 95 89 12 80
Synnøve Nystøyl
einingsleiar
E-post
Mobil 91 14 89 45