Eigedomsskatt i Hareid kommune

Eigedomsskatt i Hareid kommune

Hareid kommunestyre har eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

Hareid kommune har skrive ut eigedomsskatt sidan 2014. Skatteplikta omfattar alle bustad- og fritidseigedomar (her under våningshus, hytter og naust), samt ubygd grunneigedom. Verk og bruk og annan næringseigedom er friteke.

LES OGSÅ: Her finn du oversikt over dei andre kommunale avgiftene og gebyra

Generelt om eigedomsskatt

  • Eigedomsskatt er ei kommunal skatteordning som kommunen kan velje å innføre.
  • Kommunestyret gjer vedtak i samband med det årlege budsjettet om det skal vere eigedomsskatt påfølgande år.
  • Skattesatsen vert fastsett av kommunestyret frå 2 til 4 promille. For 2024 er satsen 3 promille.
  • Eigedomsskatten vert fakturert seks gongar i året saman med dei øvrige kommunale avgiftene. 

 

Taksering

Alle eigedomar som ikkje får berekna eigedomsskatt via formuesgrunnlaget frå skatteetaten, skal takserast av kommunen. Dette gjeld våningshus, hytter og naust.

Eigedomsskattegrunnlaget byggjer på faktaopplysningar og skjønsmessige vurderingar. Vurderingane tek opp generelle og spesielle forhold som påverkar bustadverdien. Eksempelvis lokalisering, sol- og støyforhold, utsikt og bygninga sin tilstand.

Det er ei sakkyndig nemnd som vedtek eigedomsskattegrunnlaget og dermed taksten for eigedomane i kommunen. Taksten for eigedomane står fast normalt i ei periode på 10 år.

NB! Det er viktig å understreke at eigedomsskattetaksering ikkje må forvekslast med tradisjonell verditaksering. Taksering i samband med eigedomsskatt er ei form for massetaksering som gir meir ”grovkorna” vurderingar.

 

Eksempel på utrekning

Eigedomar som ikkje vert taksert av kommunen får eigedomsskatten berekna ut i frå skattemeldinga til den enkelte eigar. Dette er stort sett einebustadar og leilegheiter. Om lag 90 prosent av eigedomane i kommunen vert skattelagt på denne måten.

Merk at det på skattemeldinga står oppført bustadens likningsverdi. Dette er om lag 25% av anteken marknadsverdi. Ein må altså gonge med fire for å finne bustadverdien.

Likningsverdien baserer seg på blant anna areal, byggeår, bustadtype og lokalisering.

I den endelege utrekninga skal kommunen nytte ein reduksjonsfaktor. Denne er fastsett av Finansdepartementet og fortel kor stor del av eigedomen kommunen får lov å skattlegge. I 2024 er denne faktoren 0,7. Ein skal altså gonge bustadverdien med 70 prosent for å få det endelege skattetakstgrunnlaget.

Eksempel:

Skatteetaten sin bustadverdi er 2 millioner kroner.

2 millioner x 0,7 gir justert bustadverdi     kr. 1 400 000
Skattegrunnlag                                         kr. 1 400 000
Promille: 3
Utrekna eigedomsskatt                         kr.        4 200

 

Klage

Dersom kommunen har henta skattetakstgrunnlaget frå skattemeldinga di og du meiner verdien er feil, må du kontakte skatteetaten sentralt. Kommunen treng ei endring på likninga di for å kunne justere eigedomsskatten på denne type bustad. 

Meir informasjon om dokumentasjon av marknadsverdi og klagemoglegheiter på skatteetatens bustadverdi finn du på skatteetaten.no/bolig.

For at det skal vere grunnlag for å setje ned skattetakstgrunnlaget på primærbustadar, må bustaden sin formuesverdi vere meir enn 30 prosent av marknadsverdien.

Slik finn du ut om det er verdt å klage:

Ta marknadsverdien som Skatteetaten har sett og del på fire. Det gir deg formuesverdi. Del denne summen igjen på reell marknadsverdi. Dersom talet du får er 0,3 (30 prosent) eller høgare, vil klagen kunne gå gjennom.

Døme: Skatteetaten har sett marknadsverdien på ein bustad til 3,3 millionar. Reell marknadsverdi er berre 3 millionar. 

3,3 millionar delt på 4 = 825.000

825.000 delt på 3.000.000 = 0,275 = 27,5 prosent.

Formuesverdien er mindre enn 30 prosent av marknadsverdien - ein klage til Skatteetaten vil derfor ikkje føre fram.

Les meir om å endre grunnlaget for eigedomsskatten på Skatteetaten sine nettsider.

Du kan også ringe Skatteetaten på telefon 800 80 000.

 

Klager som gjeld naust, fritidsbygg, hytter og våningshus skal stillast til kommunen:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid eller postmottak@hareid.kommune.no

Du kan også klage via dette skjemaet.

Du kan søke om fritak frå eigedomsskatt via dette skjemaet.

 

Lenker

Eigedomsskattelova

Kontakt

Kim-Tore Leirbekk Husøy
byggesakshandsamar
E-post
Telefon 94 78 09 60