Vekst i Hareid

Vekst i Hareid

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Grunna utfordringar knytt til høg arbeidsløyse og redusert sysselsetting fekk Hareid kommune omstillingsstatus i 2019. Dette innebar at vi kunne søkje midlar til å sette i gang eit prosjekt for å ta tak i desse utfordringane. Dette har resultert i Vekst i Hareid, som er eit prosjekt som skal jobbe med tilretteleggjande tiltak og legge grunnlaget for næringsutvikling i Hareid kommune. Prosjektet er finansiert av næringslivet, Hareid kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Prosjektet er drifta av ein prosjektleiar og eit styre som består av personar med høg kompetanse frå næringslivet. Vekst i Hareid skal jobbe for å ta vare på og auke konkurranseevna til eksisterande bedrifter i kommunen, men også legge til rette for nyutvikling og nyetablering, gjerne innanfor moglegheitsområder i havromet. Det handlar også om nytte dei konkurransefortrinna som Hareid har gjennom til dømes folka som bur her, kompetanse og erfaring frå maritim næring og nærheita til havet. 

Auka bulyst er viktig for at bedriftene skal få tilgong på kompetansen dei treng. Hareid ligg plassert midt mellom to byar. Dette er også eit fortrinn sett i ein bu- og arbeidsmarkedsregion. Auka bulyst er derfor tatt med inn i dette prosjektet fordi her er ein sterk samanheng og til tider ein overlapp inn mot næringsutvikling. Hareid kommune har ansvaret for denne delen av prosjektet.

Meir informasjon om Vekst i Hareid finn du på vekstihareid.no og på Facebook-sida til Vekst i Hareid.