Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Løyvet kan ikkje gjevast åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol.

Kven kan få skjenkeløyve 

Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve.
Har du ikkje serveringsløyve så kan du søkje om servering- og skjenkeløyve  i same skjema.

Korleis få skjenkeløyve?


Styrar og avløysar:

  • må ha bestått kunnskapsprøva
  • ha uklanderleg vandel
  • må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • må vere over 20 år.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet serverings- og/eller skjenkeløyve.

For ambulerande skjenkeløyve eller løyve ved einskildstilfelle, sjå her.

Vedlegg som må følge søknad om skjenkebevilling

  • Firmaattest. Attestane skal ikkje vere eldre enn 2 månadar
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar
  • Dokumenter som viser at du  eig eller leiger lokalet
  •  
    Dokumentasjon på at grunneigar gjev løyve til uteservering
  • Teikning av lokalet inne og ute. Salsarealet skal vere skravert eller fargelagt. Nødutgang skal merkast
  • Aksjeselskap må sende revisorbekrefta aksjeeigarbok med eigarandelar gitt opp i prosent
  • Opplysningar om for eksempel eigarar bak aksjeselskapet, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
  • For båtar: Passasjersertifikat for båtar med plass til meir enn 12 passasjerar, nasjonalitetsbevis

Kommunen kan i enkelte saker be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan.

Når kan du forvente svar?

Ordinære skjenkeløyve skal handsamast i Kommunestyret. Når du har levert søknad og dokumentasjonen som skal til, vil du få eit førebels svar. Der vil det stå når du kan forvente svar i saka.

Sakshandsamar sender søknaden til uttale hjå politi, skatteetaten og NAV sosial. Det er derfor viktig at du leverer søknaden i god tid.

Endringar i løyve

Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring sendast til kommunen, som gjer eit nytt vedtak.

Skal verksemda endre styrar eller stedfortredar må ein nytte dette skjemaet.

Her kan du lese meir

Konsekvensar ved brot på regelverk

Alkoholpolitisk handlingsplan (PDF, 667 kB)

Kontakt

Helga Bøe
leiar
E-post
Mobil 92 83 27 86
Johnny Berge
konstituert leiar
E-post
Mobil 94 86 43 77