Kommunen er lokal barnehagemyndigheit og har ansvar for å sjå til at alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private, følgjer gjeldande regelverk.
Alle barnehagar skal vere godkjent før verksemda settast i gang. Kommunen skal følgje med på at verksemda driv innanfor rammene av godkjenninga, at barnehagen sine vedtekter ikkje er i strid med lova og at innhaldet er i samsvar med lov og rammeplan. Barnehagemyndet skal rettleie barnehagane og passe på at dei driv i samsvar med barnehagelova.
Kommunen har også plikter og oppgåver på barnehageområdet som ikkje er direkte knytt til barnehagen sitt innhald og kvaliteten på barnehagetilbodet.
Barnehagemyndet sine oppgåver omfattar mellom anna å:
- Utmåle av tilskot til private barnehagar
- Samordne opptaksprosessen
- Innfri rett til barnehageplass
- Behandle søknadar om dispensasjonar
- Registrere kontantstøtte
- Gi spesialpedagogisk hjelp
Her kan du lese meir om barnehagemyndet. (PDF, 311 kB)
Publisert 07.08.2025 09:38
Sist endra 18.11.2026 11:43