Søskenrabatt (moderasjon)
Har du meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, har du rett på søskenrabatt. Dette skjer automatisk. Retten til søskenrabatt gjeld uavhengig om barna går i forskjellige barnehagar. Har du to barn i barnehagen får du 30 prosent reduksjon for det eine barnet. Har du tre barn eller fleire, vil du sleppe å betale for desse. Det blir ikkje gitt rabatt for matpengar.
Redusert betaling
Det er to ulike ordningar knytt til redusert betaling i barnehagen:
- Ingen familiar skal betale meir enn 6 prosent av den samla årsinntekta si for barnehageplass (redusert foreldrebetaling).
- Familiar med barn over 2 år og lågare inntekt kan ha rett på 20 timar gratis kjernetid i barnehagen.
Du har rett på redusert foreldrebetaling dersom:
- du har barn i barnehage som er 0–1 år og har hushaldningsinntekt* under 220 000 kroner
- du har barn i barnehage som er 2 år eller eldre og har samla hushaldningsinntekt* under 669 050 kroner per år, gjeldande for barnehageåret 2025/2026.
Dette må du vite før du søkjer:
- Føresett som søkjer, må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.
- Du må søkje om redusert foreldrebetaling til den kommunen du er folkeregistrert i, sjølv om barnet ditt går i barnehage i ein annan kommune.
- Blir søknaden din godkjent, gjeld han for eitt barnehageår om gongen. Du må derfor søkje på nytt kvart barnehageår.
- Søker du innan 1. juli, vil søknaden gjelde for heile barnehageåret. Du kan også søkje heile året, og vedtaket vil då gjelde frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Søknadar blir ikkje ferdigbehandla før du har levert tilstrekkeleg dokumentasjon. Alle søknadar blir vurderte individuelt.
Berekningsgrunnlag og definisjon på hushaldning:
Berekningsgrunnlaget er den samla bruttoinntekta (inntekt før skatt) til hushaldninga på barnet si folkeregistrerte adresse. Er føresette gift eller sambuar, skal det leverast inntektsdokumentasjon frå begge. Siste tilgjengelege skattemelding skal leggast til grunn for berekning av reduksjon. Dersom inntektssituasjonen din endrar seg etter siste skattemelding, må du sende inn dokumentasjon saman med søknaden på dette.
Ei hushaldning er ektefelle, registrerte partnarar eller sambuar. Dersom søkjaren har ein sambuar/registrert partnar som ikkje er barnet sin føresett, blir vedkomande si inntekt inkludert i berekningsgrunnlaget etter 12 månaders registrert sambuarskap (flyttedato).
Kostpengar (matpengar) kjem i tillegg.
Dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta til hushaldninga i løpet av året, skal du sende inn ny søknad og dokumentasjon på inntekt, slik at vi kan rekne ut rett sats for foreldrebetaling.
Korleis søke?
Du må søke i Vigilo, eller via lenka under.
Meir informasjon finn du i desse lenkene: