Kven kan få moderasjon?
For barnehageåret 2021/2022: Føresette som har samla skattepliktig inntekt under kr 592 167 kan søke om redusert foreldrebetaling. Er barnet over to (2) år gjeld:
- Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.
- Er barnet 2, 3, 4 eller 5 år eller har utsett skulestart og den samla inntekta er under
kr 583 650, vert det etter søknad innvilga 20 timar gratis kjernetid.
Ordninga følgjer barnehageåret og vert til vanleg innvilga frå månaden etter at alle opplysningar er mottatt i kommunen.
Korleis få tenesta?
Korleis få tenesta?
Søk om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling.
Til søknadsskjemaet lastar du opp følgjande vedlegg:
- Sjølvmelding (skattemelding) frå 2020 (gjeld for barnehageåret 2021/2022)
- Og/eller stadfesting av lønsinntekt per i dag (ved t.d. endra inntekt frå 2020) Du kan sende inn kopi av 3 lønsslippar for inneverande år
- Kopi av vedtak om stønad frå NAV.
Du kan og sende vedlegga per post, eller levere dei på servicetorget ved Hareid Rådhus.
Meir informasjon
Les forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar.
Les meir om foreldrebetaling hos Utdanningsdirektoratet.