Informasjon om SFO

Informasjon om SFO

Tenesta skal gi tilsyn,omsorg og tryggleik til barn i alderen 6-9 år før og etter skuletid og i skulefrie periodar.

SFO skal i samarbeid og forståing med heimen dekke behovet barna har for omsorg og tilsyn, samtidig som det blir gitt rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik. SFO skal bidra til trivsel og glede i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, i tillegg til å gi rom for rekreasjon og kvile. Det beste for barnet skal alltid vere eit grunnleggjande omsyn. Det vil kvar dag bli servert eit lett ettermiddagsmåltid.

Kvar skule har si skulefritidsordning. Rektor er pedagogisk og administrativ leiar, og dei ulike einingane har sin eigen sfo koordinator.

Telefonnummera til SFO er:

• Bigset skule: 70 03 76 60
• Hareid skule: gruppe 2: 90 25 19 90, gruppe 1: 90 79 60 57
• Hjørungavåg skule: 90 94 90 35

SFO ved skulane er ope når skulane er opne. Når det er ferie i skuleåret, kan barna melde seg på tilbod ved Hareid SFO. Hareid SFO har sommarstengd i veke 28, 29, 30 og 31.

Opningstider

SFO i Hareid kommune har ope frå 07-16.30. Tilbodet omfattar tidsrommet som ikkje er dekka av den obligatoriske skuledagen. Opningstida kan blir redusert om det ikkje er nok barn som har behov for at tilbodet er ope.

Timetal

Hareid har to SFO-tilbod:

  • 24 timar i veka
  • 12 timar i veka.

Hareid kommune har to SFO-tilbod:

  • 24 timar i veka
  • 12 timar i veka.

Kvart barn skal ha ein fast oppsett og avtalt timeplan for heile eller deler av skuleåret. Heimen får ved oppstart utdelt skjemaet «avtale mellom heim og SFO». Her melder føresette inn tidspunkt dei tenker at barnet skal bruke SFO dei ulike dagane i løpet av ei veke.

Sjå her for prisar.

Mat

Det er mogleg å ete medbrakt frukost dersom barnet nyttar SFO-tilbodet før skulestart.

Etter skuleslutt blir det også vanlegvis gitt eitt måltid (frukt, brødmat, suppe, graut med meir.)
 

Vedtektene for SFO kan du lese ved å følgje denne lenka. (PDF, 188 kB)

Her finn du meir informasjon om SFO-ordninga i Hareid kommune.

Kontakt

Lene Renate Veiseth
E-post
Mobil 93 40 66 29
Vivian Johansen
einingsleiar/rektor
E-post
Mobil 91 82 00 23
Hege Tretnes
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 31
Mobil 97 11 39 12
Vibekke Slinning
assisterande rektor
E-post
Telefon 70 03 76 32
Mobil 41 22 72 42