Nyheitsbrevet blir endå viktigare når vi deler færre lenker på Facebook

Facebook krev no betaling for å dele lenker. Det betyr at Hareid kommune kjem framover til å dele færre lenker på Facebook.

facebooklogo med forbodsskild - Klikk for stort bilete illustrasjon

Meta har innført betaling for Facebook-sider som vil publisere meir enn to lenker i månaden. Hareid kommune kjem ikkje til å betale for å leggje ut lenker på Facebook.

Vi kjem framleis til å publisere noko innhald på Facebook, men sida blir ikkje lenger ein kanal der vi kan dele alle nyheitene frå kommunen. Dei to gratis lenkene vil i hovudsak bli brukte til å vise vidare til dei andre kanalane våre.

Få nyheitene rett i innboksen

Facebook har også fleire sider som gjer plattforma mindre eigna som hovudkanal for offentleg informasjon. Ubereknelege algoritmar avgjer kven som får sjå innhaldet, medan svindelannonsar, falske profilar og KI-generert innhald kan gjere det vanskelegare å skilje påliteleg informasjon frå resten. I tillegg byggjer forretningsmodellen på omfattande innsamling av personopplysningar og på å halde brukarane lengst mogleg på plattforma. Kommunen har heller ingen garanti for at viktig informasjon faktisk når fram til dei som treng det.

Nyheitsbrevet er ikkje styrt av algoritmane til ei sosial plattform. Når du abonnerer, får du informasjonen rett i innboksen. Vi sender ut nyheitsbrev vekentleg med dei viktigaste nyheitene våre.

Nesten 1000 personar abonnerer allereie på nyheitsbrevet. Bli en av dei du også!

Vil du abonnere – trykk her