Dette skiltet viser inn til eitt av dei tre offentlege tilfluktromma i Hareid kommune
Erlend Friestad
Det finst fleire tilfluktsrom i Hareid kommune. Men dei fleste er private tilfluktsrom, og er dermed ikkje rom du skal oppsøkje dersom noko skjer, så lenge du ikkje er brukar av bygget eller eigedomen der tilfluktsrommet er.
Skiljet mellom offentlege og private tilfluktsrom er viktig. Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i området, til dømes på gata utanfor. Private tilfluktsrom er derimot laga for menneska som brukar bygget eller eigedomen, til dømes elevane og tilsette på ein skule, tilsette i eit kontorbygg eller tilsette og pasientar på sjukeheimen.
Sidan vi har få offentlege tilfluktsrom i Hareid kommune, og desse igjen har få plassar, vil det for dei aller fleste i kommunen ikkje vere aktuelt å oppsøke desse. Er det ikkje et tilfluktsrom i nærleiken, må du finne beskyttelse der du er. For eksempel i kjellar eller ved å trekke inn i bygget du er i, helst til eit rom utan vindauge og som er solid konstruert – gjerne eit trappeløp eller rom midt i bygget.
LES OGSÅ: Slik får du informasjon under ei krise
Slik situasjonen er no, er det ikkje behov for å planleggje korleis du raskast mogleg skal kome deg til eit tilfluktsrom. Tilfluktsrom er først og fremst bygde for å beskytte befolkninga mot skadar ved krigshandlingar. Dersom vi kjem i ein situasjon der det kan bli nødvendig å søkje dekning i tilfluktsrom, vil styresmaktene varsle om det.
I Hareid kommune har vi tre tilfluktsrom som alle kan bruke (offentlege). Til saman har desse under 200 plassar, og vil derfor bli fylt opp ganske raskt. Du kan sjå plasseringa av dei offentlege tilfluktsromma i kartet til Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap (DSB).
Merk: Dei offentlege tilfluktsromma er ikkje knytt til kva adresse du bur på. Det er første mann til mølla, og romma blir stengde så fort dei er fylt opp.
Reglane om tilfluktsstader er i endring
Samtidig er det på gang endringar i korleis Noreg skal planleggje vern av sivilbefolkninga i krig.
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslag til ny forskrift om tilfluktsstader på høyring. Forslaget legg opp til ei meir målretta planlegging, der særlege krav skal rettast mot kommunar der befolkninga blir vurdert som spesielt utsett for konsekvensane av krigshandlingar. Sivilforsvaret er foreslått gitt mynde til å peike ut desse kommunane.
Slik Hareid kommune vurderer høyringsforslaget, er det lite sannsynleg at Hareid blir definert som ein av dei særleg utsette kommunane. Forslaget peikar særleg mot større byar og område med mykje kritisk infrastruktur, strategisk plassering eller nærleik til militære anlegg. Men det er førebels ikkje grunnlag for å slå fast sikkert kva kommunar som vil bli omfatta.
Hareid kommune støtta hovudgrepet i forslaget då høyringssvaret blei sendt inn. Kommunen peika samtidig på at kommunane må få høve til å uttale seg om lokale forhold dersom Sivilforsvaret skal kunne peike ut ein kommune som særleg utsett. Høyringsuttalen blei samrøystes vedteken av formannskapet i sak 92/26.
I forslaget legg også opp til at tilfluktsstad treng heller ikkje nødvendigvis betyr eit tradisjonelt tilfluktsrom. Forslaget opnar for at andre eigna lokale og anlegg kan inngå i vernet av befolkninga.
Les meir: