Informasjon herifrå vil vi dele i og med andre kanalar. Sentralt her er Facebook, nyheitsbrev, redaktørstyrte medier og brukarsystem (som skule- og barnehageportalen Vigilo).
Kommunen kan også nytte varslingssystem for å nå mange raskt om det skulle vere behov. Tilsvarande har også politiet og sivilforsvaret gjennom sitt naudvarsel.
Vi vil også dele vidare informasjon frå andre offentlege aktørar så langt som råd, men du kan også sjekke ut informasjon frå desse på eiga hand. Det kan vere informasjon frå politi, brannvesen, helsevesen, sivilforsvar med meir.
Informasjonspunkt
Viss mobiltelefon og internett går ned, vil Hareid kommune opprette eit informasjonspunkt i biblioteket på helsehuset. Her vil vi dele informasjon frå overordna mynde og leverandørar om årsaka til bortfallet, korleis vi organiserer tenestene våre under bortfallet og korleis du bør handtere krisa.
Opningstider vil variere etter situasjon, men som minimum vil du finne plakatar på staden som informerer om opningstid, kva som har skjedd og når neste oppdatering vil vere.
Når mobilnettet går ned, blir også naudtelefonane utilgjengelege. Dersom mobilnettet går ned, vil Hareid kommune så raskt som råd bemanne eit punkt som kan vidareformidle kontakt til naudetatane. Det vil også vere på helsehuset. Følg skilting på staden.
Prøv alltid å ringe naudtelefon, sjølv om telefonen viser inga dekning.
Redaktørstyrte medium
Redaktørstyrte medium, som lokalavisa og NRK, jobbar under presseetiske normer som sikrar kjeldekritikk. Det gjer at dei er ei god kjelde til informasjon.
DAB-radio: Ha ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv. Då kan du få viktig informasjon sjølv om internett og straum fell ut. NRK P1 er beredskapskanalen.
Ver kjeldekritisk
Ver ekstra varsam med informasjon som overraskar, skremmer eller gjer deg sint. Sjekk kven som står bak, og hugs at tekst, lyd, bilete og video kan manipulerast.
Del sikker informasjon med andre
Tenk over kva du deler vidare, og kontroller at informasjonen kjem frå ei truverdig kjelde før du deler
Beredskapsvener
Avtal med folk du kjenner kvar de kan møtast, og korleis de kan hjelpe kvarandre dersom internett og mobilnett fell ut.
Tale over wifi
Sjekk om telefonen støttar wifi-anrop, og korleis du slår på funksjonen. Avtal med familie og vener kva appar de kan bruke til samtalar og meldingar over internett.
Alternative operatørar
Dersom naboar eller andre, har ein annan internett- eller mobilleverandør, kan de avtale å dele nett med kvarandre om ein operatør går ned. Fleire og fleire får også satellittbreiband som dei kanskje vil dele i ei krise.