FELLESFYRVERKERI:

Varsling av innbyggarane

Varsling av innbyggarane

Hareid kommune brukar varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggarar i kommunen ved hendingar som krev rask informasjon. Vi varslar på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post. 

Når blir systemet brukt?

Systemet vil bli brukt i kvardagen ved til dømes vasstenging, stengde vegar og liknande.

I ein krisesituasjon kan vi varsle om evakuering og andre forhold som krev rask informasjon. 

Sjekk om du er registrert

Det finst tre ulike register du kan velje å registrere deg i for at vi skal nå deg. Her kan du også kontrollere om du allereie er registrert.

  1. Privatpersoner:
    Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Difi. Vi råder deg til å legge inn mobiltelefonnummeret ditt og e-postadressa di i dette felles, nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste meldingane frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen her, til dømes meldingar knytt til sjølvmeldinga. Her kan du oppdatere kontaktinformasjonen.
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av verksemder blir føretaket som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføringa i Enhetsregisteret. Kontaktdata for verksemder blir hentet fra Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere disse som underenhet hos Brønnøysundregistrene.
     
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønsker å få varsel for en bedrift eller for en adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på, til dømes pendalarbustad.

Har du ikkje blitt varsla?
1) Er du folkeregistrert på di adresse
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?

Kva kan du gjere?
Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert, kan du registrere telefonnummeret ditt på adressa di i vårt Tilleggsregister. Husk å endre viss du flytter. Tilleggsregisteret er
konfidensielt og brukast berre av din kommune.

Registrer ditt telefonnummer i tilleggsregisteret til kommunen her
Vel Tilleggsoppføring – Legg til telefonnummeret ditt (vel Privat)

Sårbare verksemder
Vårt Tilleggsregister knyter kontaktpersoner til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS sendes frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengige av vatn for å drive si verksemd.
Døme:

  • Sjukehus og medisinske sentre
  • Alders- og sjukeheimar
  • Lege og tannleger
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusenter
  • Restaurantar og kafear

Sjå meir informasjon om varslingssystemet Varsling24 på varsling24.no