Høyring: Kva namn skal vi nytte på Engeskaret, Gjerdselva og Litle Buhammaren?

Høyring: Kva namn skal vi nytte på Engeskaret, Gjerdselva og Litle Buhammaren?

Kartverket reiser namnesak for stadnamna Engeskaret, Gjerdselva og Litle Buhammaren. Saka leggast ut på lokal høyring i kommunen.

Saka leggast no ut på høyring etter stadnamnlova paragraf 8.

Har du innspel, må du sende dei inn skriftleg til postmottak@hareid.kommune.no eller per post til:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Merk med «24/210 Namnesak Engeskaret, Gjerdselva og Litle Buhammaren»

Høyringsfristen er 19. april 2024.

Hareid kommune har bede Statens kartverk om å reise namnesak på nokre stadnamn i Hareid kommune.

Engeskar(d)et/Engjaskaret har fleire skrivemåtar i ulike funksjonar.

Gjerdselva har status foreslått i Sentralt stadnamnregister (SSR) og er dermed ikkje godkjent for offentleg bruk.

Skrivemåten Litle Buhammaren for ein hammar på grensa til Ulstein er ikkje i samsvar med talemålet.

Kartverket sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jamfør paragraf 8 i lov om stadnamn.

I tillegg til primærnamna tar Kartverket med avleidde namn i saka. Formålet er å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk.

Saka gjeld fylgjande namn med variantar av skrivemåtar:

Kart som viser plassering av stadnamna omtalt i saka - Klikk for stort bileteKartet viser plassering til dei ulike namna
  • Engjaskaret/ Engeskaret/ Engaskaret (gard, gnr. 66)
  • Engeskaret (bruk, bnr. 66/1)
  • Engeskarvika (vik i sjø)
  • Engeskartunnelen (tunnel)
  • Engeskardet (adressenamn)
  • Gjerdselva (bekk)
  • Litle Buhammaren/ Lisjebuhammaren (nes i sjø)

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av naturnamn og nedervde gardsnamn. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Derfor
ber vi om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet blir uttalt på ulike måtar, ber vi om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Hareid kommune skal no samle inn høyringssvar og sende desse til Språkrådet. Språkrådet vil så gi ei endeleg tilråding til Kartverket.

Oppstartsbrev frå Kartverket (PDF, 314 kB)