Høyring om godtgjersle til folkevalde

Høyring om godtgjersle til folkevalde

I samband med ny kommunelov og ny kommunestyreperiode har Hareid kommunestyre vedteke å revidere reglane for godtgjersle til folkevalde.

Hareid kommunestyre vedtok i sak PS 45/19 å sende ut Forskrift om godtgjersle til folkevalde i Hareid kommune på høyring.

Forslaget er i stor grad ein vidareføring av dagens praksis. Revisjonen skuldast i hovudsak at ny kommunelov krev at kommunane utarbeider ei forskrift. Til no har det vore nok at kommunane har hatt eit reglement – slik Hareid kommune har hatt.

Det er eit krav til at forskrifter skal ut på høyring. Høyringsfrist er satt til 20. oktober 2019.

I dette tilfelle meiner vi at det er mogleg å sjå vekk frå normalen med tre månaders høyringsfrist. Det skuldast at praksis i stor grad vil vere lik som den har vore med ny forskrift.

Merknadar kan sendast skriftleg til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid eller postmottak@hareid.kommune.no