Høyring reviderte politivedtekter for HareidHareid kommune skal få oppdatert politivedtektene sine. Erlend Friestad Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Forslaget om politivedtekter ligg tett opp mot «Normalpolitivedtektene» som blir brukt i dei fleste kommunar i Noreg. Frå normalpolitivedtektene er det ikkje tatt med alle reguleringar som er mogeleg. Eksemplar på dette er tigging, køyring og camping i parkar mv. og pantlånarverksemd. Dette er ikkje teke med då vi ikkje kan sjå at dette medfører store utfordingar i vår kommune.Kommunestyret var samrøystes i å sende forslag om reviderte politivedtekter ut på høyring.I denne PDF-en kan du lese forslaget til reviderte politivedtekter for Hareid kommune i si heilskap. Endringar frå gjeldande politivedtekter er markert med gult. (PDF, 334 kB) Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no Eller som brev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid Høyringsfrist er 31. januar 2022. Publisert av Erlend Friestad Sist endra 16.12.2024 10:16