Interkommunal kystsoneplan andre gongs høyring – kva skal vi bruke sjøarealet vårt til?

Interkommunal kystsoneplan andre gongs høyring – kva skal vi bruke sjøarealet vårt til?

No skal den interkommunale kystsoneplanen ut på ny høyring. Vi vil ha dine innspel.

Skjermdump av plankartet. - Klikk for stort bilete Skjermdump

Slik sender du inn høyringsinnspel

Innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast til; Hareid kommune på e-post: postmottak@hareid.kommune.no eller Rådhusplassen 5, 6060 Hareid innan fristen.

Frist for merknadar er 08.09.2023

Kystsoneplanen er lagt ut til offentleg ettersyn med heimel i plan og bygningslova paragrafane 9 og 11-14. Kystsoneplanen er felles for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Dette er andregongs høyring.

Dette er andre gongen kystsoneplanen blir lagt ut til høyring. Sidan førre høyring i årsskifte 2021/2022, er det gjort nokre endringar i plankartet:

  • Det er mellom anna fjerna to akvakulturlokalitetar (Uravika og mellom nordre og søre neset).
  • Det er lagt til eit næringsområde for framtidig utvikling ut til 12 meter djupne på Raffelneset.
  • Det er også lagt inn omsynssone for kulturmiljø og kulturminne.
  • I planen sitt hovudformål «Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone» er det lagt inn føresegn om at det er forbode mot akvakultur, jf. Føresegn § 6 a) . (I Hareid kommune er det berre tillat å søke konsesjon i område som er særskilt sett av til arealformålet «akvakultur».)

 

Arealbruk

I plankartet til kystsoneplanen, som du finn lenke til her, kan du sjå dei ulike arealformåla markert med forskjellige fargar.  Alle har sin funksjon og eigne føresegn knytt til. Trykk på kartet og les meir om området i boksen som kjem opp.

Sjøområdet til Hareid kommune består i hovudsak av eit arealformål «Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone».

I tillegg til dette arealformålet er det lagt inn to akvakulturområder (Attavika og Laupsvika), i tilknytting til område sett av for akvakultur er det lagt inn eit avgrensa areal til fortøyingar. Vidare er det lagt til eit næringsområde på Raffelneset.

 

Kommunedelplan

Interkommunal kystsoneplan er utarbeida som ein kommunedelplan, ein plan som fokuserer  på sjøarealet i kommunen. Kystsoneplanen grensar til kommuneplanens arealdel (både gjeldande plan og planen som er under rullering), der kysten går ved høgvatn. Tanken er at desse planane (kystsoneplanen og kommuneplanens arealdel) ikkje skal overlappe men fungere saman. Kystsoneplanen gir føringar for sjøareala og kommuneplanens arealdel styrer arealbruken på land.

I sum spelar desse to planane ei essensiell rolle i kommunal planlegging.

 

Høyring

Kystsoneplanen vert no sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringa gir innbyggjarar, andre aktørar og råka interesser moglegheit til å delta i utforminga av planen og påverknad på eige nærmiljø. Vidare er høyringa viktig for lokal kunnskap og erfaring, samt kvalitetssikring av planarbeidet. Høyringa sikrar også ein ope og inkluderande prosess, der alle får moglegheita til å delta og bli høyrd.

Planen er send direkte til offentleg mynde, samt aktørar/innbyggjarar som har sendt inn innspel til 1. gongs offentleg ettersyn.

Høyringa er ope for alle.  Saksdokumenta til planen ligg på arealplaner.no. Sjå faktaboksen for informasjon om korleis du sender inn innspel.