Kor mykje skal dei folkevalde i Hareid kommune få for jobben dei gjer?

Kor mykje skal dei folkevalde i Hareid kommune få for jobben dei gjer?

Reglane for kor mykje ordførar, varaordførar og dei andre folkevalde skal få i godtgjersle skal endrast. No kan du seie di meining i saka.

Bilete av talarstolen i kommunestyresalen i Hareid. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dette er ein revisjon av forskrifta om godtgjersle til folkevalde i Hareid kommune. Det aller meste blir som før. Dei viktigaste endringane er:

 

Auke ordførargodtgjersla

Ordførar i Hareid har hatt ein av dei lågaste godtgjersla i regionen og blant kommunar med om lag same folketal som Hareid. For å bøte på dette, foreslår det avtroppande kommunestyret å auke godtgjersla til ordføraren med 0,5 G til 9G. G er folketrygda sitt grunnbeløp som mellom anna legg grunnlaget for trygdeytingar.

Forslaget om 9 G til ordførar i Hareid svarer til 1 062 000 kroner, og er det same som ordførar i Vanylven. I Ulstein og Volda får ordførar 1 107 000, medan Herøy og Ørsta har 1 180 000.

 

La vara ordførar få tapt arbeidsforteneste

Varaordførar i Hareid har også hatt relativt låg godtgjersle samanlikna med nabokommunane våre. I dag har varaordførar i Hareid 118 000 årleg i godtgjersle. Det er betydeleg lågare enn mange varaordførarar i samanliknbare kommunar.

Den største utfordringa har likevel vore at varaordførar ikkje får dekt tapt arbeidsforteneste. Når varaordførar har fri frå sin vanlege jobb, vil arbeidsgivar trekke i løn. I periodar med stor arbeidsmengd, og mykje fri, vil dermed varaordførarane si godtgjersle bli eten opp av lønnstrekk. Altså – jo meir varaordførar jobbar, jo mindre tener varaordførar på vervet. Det er ikkje gunstig for korkje varaordførar eller kommune.

I nytt framlegg ligg det derfor inne å halde varaordførar si godtgjersle på 118 000 (1G) og i tillegg utbetale tapt arbeidsforteneste opp til 0,9 G (tilsvarande 10 prosent av ordførargodtgjersla).

 

Møteleiarar med fast godtgjersle får trekk om dei ikkje møter

Leiar for kontrollutvalet, levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet får i dag 0,13 G som er rett over 15 000. I alle andre folkevalde organ får møteleiar dobbel godtgjersle (bortsett frå ordførar og eventuelt varaordførar).

Nestleiar eller andre som har leia møta i kontrollutval, levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet har derfor ikkje hatt dobbel godtgjersle.

I forslaget til nye reglar, vil desse få dobbel møtegodtgjersle når dei vikarierer.

Det ligg også inne eit punkt om at fast leiar kan bli trekt i godtgjersla om hen møter som leiar i mindre enn tre av fire møter.

 

Utover punkta ovanfor, er det berre foreslått mindre endringar.

 

Her kan du laste ned heile framlegget til ny forskrift. (PDF, 122 kB)

Kommunestyret var samrøystes i å sende framlegget ut på høyring i møtet 22. juni. Det er det avtroppande kommunestyret som vedtar godtgjersla, og endringane vil ikkje gjelde før det nye kommunestyret møtast.

Frist for å sende høyringsinnspel er 20. august 2023.

Innspel kan du sende på e-post til erlend.friestad@hareid.kommune..no eller på papirbrev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Sittande kommunestyre får saka på bordet for endeleg vedtak i septembermøtet.