Korleis skal Hareid kommune utvikle hamna?

Korleis skal Hareid kommune utvikle hamna?

Vi har utarbeida eit forslag til hamneplan og vil ha dine innspel.

Dronefoto av Hareid teke frå sjøsida. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
  • Kva meiner du om målsettingane i hamneplanen?
  • Kva synest du kommunen skal satse på i hamneområdet vårt?

Det er nokon av spørsmåla vi gjerne vil ha svar å frå innbyggarar og andre interesserte no når vi legg den strategiske hamneplanen ut på høyring.

Her kan du lese heile forslaget til hamneplan. (PDF, 22 MB)

Fyrste hamneplanen

Hareid kommune sitt hamnevesen vart etablert for fleire tiår sidan, men det har aldri tidlegare vore utarbeidd ein strategisk hamneplan. I løpet av dette tidsrommet har det skjedd store endringar i regelverk og rammer for arbeidet til hamnevesenet i Hareid. På grunn av dette, men også fordi at det i det pågåande arbeidet med å skape ei framtidsretta hamn har blitt avdekt både vesentlege svakheiter og moglegheiter, har det oppstått eit behov for å få klargjort rammene for hamnevesenet si drift.  Ikkje berre i Hareid sentrum, men i heile nedslagsfeltet der det er naturleg at hamnevesenet har ein funksjon.

Til beste for innbyggjarane

Hamnevesenet i Hareid ynskjer å sjå framover og halde rett kurs.  I dette arbeidet vert ein strategisk hamneplan eit sentralt styringsverktøy.  For å kunne lukkast med å utvikle hamna, vil eit aktivt og godt samspel med innbyggarar, industri og næringsliv verte avgjerande.  Slik kan Hareid Hamn vere med på å utvikle nye og eksisterande industri- og hamneområde i kommunen, til beste for kommune, innbyggjarar og næringsliv.

Cruisehamn?

Hareid hamn sitt oppdrag er å drive offentleg forvalting til det beste for brukarane i hamna, innbyggjarane og næringslivet i kommunen. Hareid hamn skal i dette også etterleve Hareid hamn sin visjon: Hareid hamn – Hamnekraft og stø kurs.

For å konkretisere oppdraget til Hareid hamn er det i dette dokumentet sett målsettingar for Hareid hamn si verksemd:

Målsetting 1: ha eit miljø-, folkehelse- og ressursperspektiv i all si verksemd

Målsetting 2: bidra til å styrke og utvikle næringslivet i Hareid

Målsetting 3: oppretthalde og vidareutvikle hamnefasilitetane i kommunen med fokus på berekraft og på følgjande delmål:

    1. oppretthalde og styrke sjøveges transport over hamna i Hareid
    2. bidra til å legge til rette for gode hamnefasilitetar for alle relevante næringsaktørar i kommunen
    3. bidra til å ta vare på kystlina i Hareid som gode fritids- og rekreasjonsområde, i område der dette ikkje kjem i konflikt med etablerte næringsinteresser
    4. verte den føretrekte gjestehamna på søre Sunnmøre
    5. bidra til ei heilskapleg utvikling av dei offentlege og private hamnene i Hareid

Målsetting 4: arbeide for å etablere Hareid som ein cruise- og reiselivsdestinasjon

Her kan du lese heile forslaget til hamneplan. (PDF, 22 MB)

Store endringar

Det har skjedd fleire viktige endringar av dei sentrale føresetnadane knytt til hamnedrift og hamnesamarbeid, sidan Hareid kommune oppretta eige hamnedistrikt for om lag 30 år sidan.  Faktisk har hamne- og farvasslova (heretter kalla HFL) vorte revidert tre gongar i denne perioden, noko som har ført til at rammevilkåra knytt til hamnedrift, har endra seg i stor grad. 

Og når Hareid kommune heller aldri tidlegare har vedtatt ein strategisk hamneplan, har dette samla sett resultert i ei rekke uavklarte tilhøve.  Dette gjeld tilhøve knytt til, men ikkje avgrensa til, ansvar, utvikling og forvaltning.  Og ikkje minst også i høve planlegging og finansiering nye av kaier og hamneanlegg i Hareid kommune.

Leggje til rette for utvikling

Gjeldande revisjon av HFL trådde i kraft 01.01.2020.  Det er derfor på høg tid at Hareid kommune for første gong utarbeidar ein strategisk hamneplan.  Ein hamneplan med sikte på å take i vare dei uavklarte tilhøva, på ein måte som samsvarer med nye føresegner og nye rammevilkår.  Vi ser dette som avgjerande for å kunne lukkast med å legge tilhøva betre til rette for vidare planlegging og utvikling av hamnene i kommunen.  Gjennom dette kan det verte mogleg å etablere ei hamnedrift, som kan skape eit økonomisk grunnlag for vidare utvikling i hamna.

I denne planen vert det difor sentralt å sjå nærare på korleis ein kan vidareutvikle den eksisterande hamnedrifta, utvikle ny og utvida hamnedrift, samt vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og private næringsaktørar.

Eit anna aspekt som bør nemnast, er at tilhøva mellom bustadområde og hamnedrift nokre gonger kan verte konfliktfylte.  Såleis bør ein strategisk hamneplan også ta føre seg potensielle problemstillingar knytt til trafikk og støy.

Innspel?

Har du innspel til hamneplanen kan du levere skriftlege tilbakemeldingar til postmottak@hareid.kommune.no eller papirbrev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Merk: Høyringsinnspel strategisk hamneplan

Høyringsfristen er 7. august.

Her kan du lese heile forslaget til hamneplan. (PDF, 22 MB)