Kva meiner du om forslaget om å leggje ned Hareid barnehage?

Kva meiner du om forslaget om å leggje ned Hareid barnehage?

I sak om endra barnehagestruktur føreslår administrasjonen å leggje ned Hareid barnehage. Det vil kunne spare kommunen for to millionar i året.

eksteriørbilete Hareid barnehage - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Formannskapet har vedteke å sende saka ut på høyring. Det betyr at alle som ønsker det kan leggje fram si meining.

Etter høyring skal saka opp til ny handsaming i dei folkevalde organa, og til endeleg vedtak i kommunestyret, tidlegast 20. mai.

 

Om saka

Hareid kommune har svært god barnehagedekning og ledig kapasitet både i dei kommunale barnehagane og den private. Per no er det 26 barn i Hareid barnehage. Desse vil bli prioriterte over nye søkjarar om Hareid barnehage blir lagt ned.

 

Alternativ 1: Renovering og modernisering Hareid barnehage, bygd i 1976, treng omfattande renovering for å møte dagens standardar. Dette inkluderer skifting av vindauge, oppgradering av garderobeforhold og tilpassing for barn med særskilde behov. Trafikk- og parkeringsforholda må også betrast. Barnehagen har ei god lokalisering og eit kulturelt mangfald som gir barna innsikt i andre kulturar. Renovering vil føre til auka kostnadar, men tilsette vil sleppe å endre arbeidsstad.

 

Alternativ 2: Nedlegging Ved å legge ned Hareid barnehage, vil barna bli fordelt på andre kommunale og private barnehagar. Dette vil redusere driftskostnadane og gi eit større fagmiljø for dei tilsette. Kommunen kan selje bygget og tomta for å frigjere kapital. Nedlegging vil også vere meir økonomisk berekraftig på lang sikt. Kommunen vil spare over to millionar kroner årleg på å leggje ned barnehagen.

 

Konklusjon Administrasjonen meiner at nedlegging av Hareid barnehage er det mest framtidsretta alternativet for kommunen. Dette vil sikre ein berekraftig barnehagestruktur og betre økonomi for Hareid kommune i åra som kjem.

 

Slik fortel du oss kva du meiner

Frist for å sende inn høyringssvar er 21. april 2025.

Du kan sende inn høyringssvar på tre måtar:

  1. skjema – svar på dette skjemaet – eit enkelt spørjeskjema der du kan skrive kva du meiner om forslaget
  2. send ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no – beste alternativ om du har filar du vil leggje ved
  3. Papirbrev kan du sende til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

 

Dette meiner andre

Vi vil fortløpande fram til høyringsfristen leggje ut høyringssvara vi får inn Til no har vi fått inn 47 høyringssvar - nyaste innspel nedst:

 

Frå Anonym:

Akkurat i denne saka, er nedlegging det mest foruftige og framtidsretta.

 

Frå Anonym:

Alternativ 2 meiner eg er best. Men da må syverplassen få på plass nødvendig inventar i dei nye tilbygga.

 

Frå Anonym:

Spar penga en anna plass en på barn. Må vell ver en anna plass dokke sløsa penga.

 

Frå Anonym:

Sparing av 2 millioner per år er ikkje fakta.
Vil ikkje dei andre kommunale barnehagane måtte få meir bemanning, utbygging av barnehagar og omstrukturering for å kunne ta imot dei borna som ikkje lenger kan gå på hareid barnehage?

  

Frå Anonym:

Totalt galskap å legge ned barnehagen,men det er typisk kommune,bygger stadig nye bygg men tenker ikke på at det skal vedlikeholdes

 

Frå Anonym:

Tida er inne for å legge ned Hareid barnehage!

Det burde ikkje finnast to alternativ i denne saka. Å skulle renovere og fikse eit gamalt og slete lokale, er meiningslaust og tull når kommuneøkonomien er dårleg.

Det finnast gode alternativ for bhg plass, og tenkjer det er ledig kapasitet i den flotte Norlandia barnehagen på Holstad- som også ligg sentrumsnært.
Der er det stort og godt fagmiljø og fokus på trygge og glade barn! Satsningsområder som er in i tida, GoGreen, JUMP og MatMedSmak. Personale med god erfaring og mykje kjærleik til "ditt" barn!

Sel bygget til Hareid bhg til høgstbydande og gå vidare- løft blikket og sjå dei gode alternativa som berre ligg å ventar !

 

Frå Anonym:

Dette er tull. Blir for dumt å skulle invistere mye i Hareid som reiselivsmål, samtidig som det kuttes i nødvendige tjenester som barnehage/skule som faktisk gjer at folk busetter seg på Hareid.

  

Frå Anonym:

Legg ned Hareid barnehage. Den skulle ha vore nedlagt for mange år sidan.

 

Frå Anonym:

For oss som har barn i barnehagen er det kritisk vi vurderer å flytte fra kommunen pga der er ingen fullgode alternativ.

 

Frå Anonym:

På tide å sjå nye løysningar.Syverplassen er bygd ut,men er vel mest areal til kontor og garderobeplass? Det klarer vel ikkje å dekke opp behovet. Kva med den private barnehagen som tidlegare bygde ut for å bidra med nok barnehageplasser i kommuna? Korleis kan èin samarbeide med dei istedenfor å sjå dei som èin konkurrent?

 

Frå Anonym:

Har hørt fra foreldre i Norlandia Holstad at der står en avdeling ledig/tom. Hvorfor ikke samarbeide med den barnehagen istedenfor å bygge nytt/utvide andre plasser. Godt med bemanning og oppdekt med pedagoger der.

 

Frå Anonym:

Utrulig dårlig av Hareid kommune å vil legge Hareid barnehage. Først og fremst forhasta, og dårlige unnskyldinga av kommuna. Kanskje liten barnehage men veit att dei ansatte ser kvart barn og kvardag. Og dei ansatte er utrulig dyktige i jobben dei gjere. Og for en utrulig fint plassering mtp tur til hovlidbana og håbakkknotten og andre plassar og nydelig utsikt til fjell og fjord. Har sjøl en gut som går i barnehagen og ser godt kor han trivast i liten barnehage og trygge gode ansatte som jobbar i barnehagen.

 

Frå Anonym:

Nei til nedlegging av Hareid barnehage.

 

Frå Anonym:

Eg er i prinsippet i mot nedleggingar av skular og barnehagar. MEN det er ikkje slik at ungane vil stå uten tilbud. Der er trass alt ein annan kommunal barnehage i Hareid sentrumkrins og i tillegg ein stor privat aktør. Det var meir dramatisk når ein i si tid la ned barnehagen på Hjørungavåg og skule og barnehage på Brandal. Hareid sentrum er framleis ein levande krins utan denne eine barnehagen.

 

Frå Anonym:

Legg ned denne barnehagen

 

Frå Anonym:

Eg synast at det er på høg tid å sjå på barnehagestrukturen (og skulestruktur for den del).
Det er mykje å spare, ikkje berre dei nemte 2 millionane.
Å legge ned Hareid barnehage er det einaste rette denne gongen. Det er meir forutsigbarheit i større barnehagar, der talet på tilsette vert fleire. Det gir fleire fordelar:
- større fagmiljø
- fleire å spele på i høve bemanning/folk på jobb
- enklare å “sy saman dagane” ved fråver
- mindre slitasje på tilsette
- å legge ned Hareid bhg, gir innsparing på vedlikehald på bygg
- større bhg gir meir fleksibilitet
- større bhg gir meir mangfald og valgmuligheit for venskap
- betre fasilitetar
- større mangfald, både språkleg og kulturelt
- salg av bygg gir inntekter til kommuna
- eventuelt omdisponering av bygg?

Syverplassen, Bigset og Norlandia er tre barnehagar som alle er gode!

Men vil framsnakke Norlandia litt ekstra. Barnehagen kan verke stor men har eit fantastisk system med god gruppedeling og god organisering som gjer at det kjennes ut som barna våre er i små einingar. Dei har gode fasilitetar der eg særleg vil trekkje fram samarbeidet med turnhallen.
Dei tilsette er fantastiske!

Poenget mitt er, at det er gode barnehagar som består, sjølv om det forståeleg nok er leitt at vi står i denne situasjon.
Legg ned Hareid Barnehage og gjer eit godt langsiktig valg for barna i Hareid kommune.

 

Frå Anonym:

Ja til renovering av Hareid barnehage.
Hareid kommune har her kun tenkt økonomi og ikkje på BARNA sitt beste. Og det e framtida vår dei små som går i barnehagen. Og det er ikkje bra for barna eller foresatte å måtte flytte barnehage på tvang.
Veit att foresatte er veldig fornøgde med barnehagen og dei tilsette.

 

Frå Anonym:

Nei til nedlegging av Hareid barnehage.

 

Frå Anonym:

Finn noke anna og spar penger på. Det er altid dei svake dvs eldre og barn det skal spares på. Skuffa....

 

Frå Anonym tilsett i Hareid kommune:

Svært skuffa over att Hareid kommune vil legge ned Hareid barnehage. ja til renovering av barnehagen

 

Frå Anonym:

Heilt bak mål å vurdere å legge ned ein barnehage i ei kommune som har lyst at fleire barne familiar skal busette seg her! Det skal ikkje gi profitt å drive barnehagar, skular og sjukeheim! å sidan Hareid Barnehage er den minste barnehagen i Hareid Kommune så er den også billigast i drift. Nedkutting på skulane og sjukeheimen og no vurdering av å leggje ned ein barnehage er total galskap! Sjå nede på rådhuset fyst og fremst! Dykk treng ikkje ein assistent til ein assistent. Det mest framtidsretta her er er å vurdere eventuelt ein stor sentrumsbarnehage som det var prat på for nokre år tilbake i tid. Syverplassen har ikkje utbygd for fleire barneplassar, det er kontor og garderobe til personell! Det optimale i framtida er ikkje nødvendigvis småe barnehagar, men alle barna blir vertfall kjende med alle i barnehagen, dei blir sett, høyrt og verdsett for den dei er kvar dag i motsetning til å plassere barna dine på eit rulleband på Norlandia eller viss Hareid Barnehage eventuelt blir lagt ned at barna som ender på Syverplassen må starte på D vitamin!
Her er det nok mykje anna Hareid Kommune kan spare pengar på enn å kutte ned på fantastiske og ikkje minst viktige tilbod for barnefamiliar!
Det dykk skriv om at Barnehagen er bygd i 1976 er også delvis feil, sidan eine bygget er frå 90 talet!
Det Hareid kommune har gjort no i det siste VIL føre til at folk blir å flytte frå Kommuna!
Dei so set på rådhuset med pengane kommune ein gong hadde skulle hatt fyken for lenge sida, samt grunnkurs i matematikk og logistikk!

 

Frå samarbeidsutvalet ved Kristina Helene Hansen:

Hareid kommune sitt forslag vedrørande endra barnehagestruktur er ut i frå eitt økonomisk hensyn og ikkje frå eit barnets beste - perspektiv. Grunnlova § 104 og FN barnekonvensjon Artikkel 3 er det fastslått at barnets beste skal vere eitt grunnleggande hensyn i alle sake og avgjersle som berøre barn. I forslaget kan ein tydelig sjå at Hareid kommune ikkje har tatt hensyn til barnet i saka. Hareid kommune har ikkje vurdert eller vektlagt barnets beste. Vi foreldre krev at dette blir vurdert og vektlagt av kommuna. Vidare vil vi nemne at det er Hareid kommune som har rota til med barnesektoren dei siste 4-5 åra med dårleg styring og lite kontroll. No må våre barn og vi foreldre få konsekvensa for det. Det kunne ha blitt unngått om Hareid kommune våkna litt i timen dei var på arbeid. Kanskje vurdere å kutte ned på unødvendige stillingar på rådhuset for å spare fleire årsverk.

Beste alternativet er nr. 1

 

Frå Anne-Lisbet Røyset:

Ja til alternativ 1, Renovering og modernisering.

Vil gjerne påpeike eit par ting om Bigset og Brandal bhg.
Bigset: Den byrjar å bli godt nedsleten innvendig. Uteområdet der har snart sett sine beste dagar.
Brandal: Bhg der blei pussa opp, og nedlagt etter ei tid...som kjent.
Eg har borneborn i Hareid barnehage. Javisst er den sleten! Det er ein kjempekjekk barnehage. Akkurat passe antal born, der alle klarer å bli trygg på, og kjende med kvarandre.
Som vanleg ved innsparing i kommuna, er dei skadelidande born. ungdom og dei eldste!
Det er kutt, kutt og atter kutt.
Slik har det vore i ei årrekkje.

Ta hensyn til bornas beste!
Grunnlova paragraf 104 og FN barnekonvensjon artikkel 3:
Bornas beste skal vere eit grunnleggjande syn i alle saker som får følgjer for borna.

Til slutt vil eg nemne at eg personleg kjenner til 3 barnefamilier som er godt igong med prosessen med å flytte ut av kommuna.
Dette fordi dei er overtydd om at borna deira ikkje kjem til å få bhg plass her på Hareid.

På tide å vakne opp av festdvalen!
Det er berre beinrestane att!

 

Frå Anonym

Det er lovfestet at barna skal tas hensyn til, ikke bare økonomi og sparing!!

Vi foreldre til barn i Hareid barnehage er sjokkert over kommunes forslag om å legge ned barnehagen. Når så dramatiske avgjørelser som nedleggelse av en velfungerende barnehage vurderes, er det uakseptabelt at grunnlaget for beslutningen ikke holder mål med valgene de har tatt. Dette er mye mer enn «bare en barnehage». Og det betyr noe for flere enn oss med barn her.

Kjære politikere: Ta vare på barnehagen, og på området! TENK PÅ BARNA SOM GÅR DER! Dette skal ikke gå utover dem!

Hareid barnehage har stabile ansatte, pedagogisk kvalitet og et trygt miljø som er bygget opp over mange år. Å legge ned denne barnehagen vil ikke bare ramme barna og familiene som bruker tilbudet, men også svekke mangfoldet og kvaliteten i barnehagetilbudet i Hareid kommune.

Vi oppfordrer politikerne/kommunen til å vurdere nedleggingen! Velge alternativ 1! Det er til barnas beste å beholde barnehagen, det er det aller viktigste å få fram. Det samholdet ved å bo her, å gå i denne barnehagen – og den tryggheten det gir. Dette kan sikre den gode og helt nødvendige driften av barnehagen vår, i mange år fremover.

 

Frå Anonym:

IKKJE LEGG NED BARNEHAGEN. Kutt ned på andre plassar! Fokuser på barna og det som vil være best for dem. Ikkje penga som skal hjelpe alt i verden! Tenk godt!

 

Frå Anonym tilsett i kommunen:

3. TIL BARNETS BESTE Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best. Staten skal sørgje for at dei institusjonar og tenester som har ansvaret for omsorga eller vernet av barn, har den standard som er fastsett, særskilt med omsyn til tryggleik, helse, talet på tilsette og deira kvalifikasjonar så vel som kompetent tilsyn.

 

Frå Anonym:

No er barnehageopptaket for hausten satt på vent i heile Hareid kommune. Både foreldre, barn og tilsette ved alle dei kommunale barnehagene blir berørt, ikkje berre Hareid barnehage.
Foreldre og tilsette vil gå i uvisse fram til kommunestyretmøte den 22.mai.
Kvar skal barna deira gå på barnehage?
Kvar skal dei trygge voksne/dei tilsette?
Dette er ei svært forhasta sak, som skaper utryggleik både for foreldre og barna og dei tilsette.

 

Frå Anonym:

Eg er imot nedlegginga av Hareid barnehage. Lokasjonen er ideell – sentralt, trygg og godt tilgjengeleg for mange familiar. Barna er vane med personalet og med kvarandre, og ein slik endring kan ha ein negativ effekt, spesielt på dei barna som treng meir tid for å tilpasse seg og for å bygge tillit til nye menneske.
Hareid barnehage har også ein lang og viktig historie i lokalsamfunnet. For mange har den ein sterk sentimental verdi – fleire generasjonar har gått i denne barnehagen, og det skaper ein spesiell tilknyting og identitet.
Eg håpar verkeleg at ein tek omsyn til både barna og samfunnet før ein tek ei så drastisk avgjerd.

 

Frå Anonym:

Nei til nedlegging av Hareid barnehage! Fantastisk liten barnehage barna i Hareid kommune treng! Tilsette som er dyktige og tett på, flott uteområde og sentralt plassert! Ta vare på den!

 

Frå Anonym:

At Hareid barnehage stadig er nedleggelsestruet, kan gjøre at færre vil søke barna sine der.
Antar at flere enn meg ikke vil risikere å måtte flytte barna sine i løpet av barnehageårene.

Det skaper også utrygghet og uforutsigbarhet for de ansatte. Hvor lenge har de arbeidsplassen sin? Og ved eventuelle utlysninger, kan det bli vanskelig å rekruttere søkere da det ikke er sikkert at arbeidsplassen blir værende over tid.

Vær så snill å la barna, foreldrene og de ansatte i Hareid barnehage få fred nå. Fred til å fortsette med en stabil, forutsigbar og trygg hverdag i en godt fungerende, full barnehage.

Etter å ha hørt erfaringer fra venner med barn i andre barnehager, både her i kommunen, og i andre kommuner, skjønner jeg at Hareid Barnehage virkelig er unik.

Barna får et tilbud som er langt over gjennomsnittet i kvalitet. En sterk faglig personalgruppe, en liten barnehage med helt andre forutsetninger for barna enn en stor barnehage og ikke minst en styrer som har mulighet til å se alle barna, men også alle foreldrene.

VELG ALTERNATIV 1 og la bhg få beholde! La barna få fred!

 

Frå Anonym:

På tide å ta ansvar Folkelista, manglande styring i åresvis.
Legg ned Hareid Barnehage.

 

Frå Anonym:

Til barnas beste? For oss med barn i Hareid barnehage, årets offer for budsjettkutt, oppleves hele prosessen som meget forhastet. Men kanskje dere politikere/kommunen fikk et bredere innsyn i denne salgsprosessen før dere stemte ja, enn hva vi som bor og bruker barnehagen gjorde?

Sett i dagens lys forstår vi nå at det er pengene som rår. Det skal kuttes, og det skal skje fort! Helst så fort at vi det gjelder ikke får hengt med i svingene og mobilisert til opprop og bredere saksgang. Tikk - takk - tikk - takk – tiden løper fra oss!

Ved å legge ned vår barnehage, legger dere ned vår trygghet og forutsigbarhet rett i forkant av skolestart i 2025.
Nedleggelse av mindre barnehager presser oss til større institusjoner, og jeg valgte jo nettopp Hareid barnehage i ønske om noe nært og mindre. Et sted hvor de ansatte jobber sammen som et team. Hvor mine og dine barn er «våre barn», og alle kjenner navnet på hverandre.

La Hareid Barnehage fortsette og velg alternativ 1!

 

Frå Anonym foreldre i barnehagen:

Nei til nedlegging.
Ja til renovering.
I Hareid barnehage er der
gode trygge vaksne
Omsorgsfulle vaksne
Personale som ser kvart enkelt barn
Stabilt personale
Engasjerte vaksne
Vaksne som tek seg tid til kvart enkelt barn
God kvalitet
Godt forhold til Hareid barneskule
Gode tur muligheter
Sentrumsnære for dei som ikkje har bil
Gode relasjonar til alle barn og foresatte
Mangfold
Inkludering
Gode vennskap som held langt uti skulealder. Har sett det av erfaringer.


Er så takknemlig for alle dei ansatte og det dei gjere for mitt barn.

 

Frå Anonym:

Behold barnehagen, den var ikkje prioritert med oppgradering på mange år og den klart seg fint, klarer å vente litt til😅

 

Frå Anonym:

Det er med stor sorg og frustrasjon vi nå ser at Hareid kommunen skal snart behandle saken om å legge ned Hareid barnehage. En institusjon som i årevis har vært et trygt og godt sted for våre små, skal nå forsvinne. Hva vil dette bety for barna, foreldrene og samfunnet vårt?

For barna er barnehagen mer enn bare et sted å oppholde seg på dagtid. Det er her de leker, lærer og danner vennskap som kan vare livet ut. De ansatte er trygge voksne som kjenner hvert barn og deres behov. En nedleggelse betyr brudd på denne tryggheten og en uforutsigbar fremtid med nye omgivelser, nye voksne og nye barn – en omstilling som kan være utfordrende for mange små.

Foreldrene står også overfor store utfordringer. Mange har allerede en travel hverdag med jobb og forpliktelser, og det å måtte finne en ny barnehageplass kan skape stress og usikkerhet. Ikke alle har mulighet til å levere og hente barna langt unna hjemmet sitt, og mange vil miste det gode nettverket de har fått gjennom barnehagen.

Kommunen hevder at nedleggelsen er nødvendig på grunn av økonomiske hensyn, men vi må spørre oss selv: Hva koster det egentlig å miste en trygg og stabil barnehage? Hva skjer med barna som mister sine faste rutiner, sine venner og sine trygge voksne? På lang sikt kan det få konsekvenser for barns utvikling og trivsel.

Vi som foreldre, naboer og innbyggere må stå sammen og si ifra. Vi må kreve at politikerne setter barnas beste først, ikke bare økonomiske beregninger. En barndom kan ikke settes på vent, og våre barns trygghet bør aldri være gjenstand for budsjettkutt.

 

Frå Anonym:

Nei til nedlegging av den trygge og gode barnehagen til barna våre.

Kommunen kan spare på andre måtar.

 

Frå Lars-Petter Bjørlykke:

Eg støttar kommunen sitt forslag om å legge ned Hareid barnehage. Med så få barn og god kapasitet i dei andre barnehagane, meiner eg det er lite fornuftig å bruke store summar på omfattande oppussing og drift.

Ei nedlegging vil gi betre bruk av ressursane i kommunen, både økonomisk og fagleg. Det at barna får plass i andre barnehagar og blir prioriterte, viser at det er teke omsyn til dei det gjeld.

Dette er eit nødvendig og framtidsretta vedtak som gir betre økonomisk styring og meir robuste barnehagetilbod for framtida.

 

Frå Anonym:

Er det tenkt på eventuelt ka som skjer med personal på dei andre barnehagane om barnehagen blir nedlagt?
Er mange i Hareid barnehage som har lang ansiennitet i kommunen. For Hareid kommune har lovd alle personal i Hareid barnehage vidare jobb.

 

Frå Anonym:

Lytt til administrasjonen si tilråding om at nedlegging av Hareid barnehage er det mest framtidsretta alternativet for kommuna.
Det vil sikre ein berekraftig barnehagestruktur og betre økonomi.

Vi er heldige som har fleire gode sentrumsnære barnehagar i kommuna.

 

Frå Anonym:

Ja til alternativ 2 - nedlegging av Hareid barnehage.

 

Frå Anonym:

Lytt til administrasjonen. I den økonomiske situasjonen kommuna er i, er det den best løysinga.

 

Frå Anonym: 

Legg ned Hareid barnehage, vi har andre gode alternativ.

 

Frå Anonym:

Legg ned Hareid barnehage! Barnetala i kommuna er synkende og det er plass til barna i dei andre barnehagane. Det må vere slutt på at kommuna sløser med ressursane. Dersom Hareid barnehage skal renoverast kjem det til å koste mange millioner, og det tvilar eg på at statsforvaltaren kjem til å godta. Til dokke som har barn i Hareid barnehage: Dere er sjølvsagt uroa, men det kjem til å gå bra. Det å kome til ein barnehagen med litt større forhold kan vere sunt for barna si utvikling. Reknar med at det vert tenke omsyn til venskapband når det gjeld plassering og dessutan så kjem nok personalet til å følgje med, dei er jo tilsette i kommuna.

 

Frå Anonym:

NEI til nedlegging av Hareid barnehage.
JA til renovering av den.
Barnas beste er nei til nedlegging av Hareid barnehage.
Foresatte sitt beste er nei til nedlegging av Hareid barnehage.
Tilsette sitt beste er nei til nedlegging av Hareid.

 

Frå Anonym:

Legg ned barnehagen. Mange andre gode barnehagar i kommuna. Då slepp èin oppgradering av bygget.

 

Frå Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet Hareid er opptekne av at vi held på god kompetanse! Ta vare på dei tilset tei Hareid barnehage og den gode kompetansen dei ber på-for borna i Hareid. Vi ber og om at dei tilsette får den informasjonen dei treng for å kunne kjenne at jobben deira er trygg trass i eventuelle strukturelle endringar. Med helsing Leiar i Utdanningsforbundet Hareid, Ann-Kristin Snipsøyr

 

Frå Anna Maria Liandris

Jeg synes ikke at det er greit at det skal legge seg ned, det er en del barn som ikke trives med mange folk/barn, altså i store avdelinger. Det er også vanskelig for å ha kontroll på store barnehagene. Det har også skjedd at jeg har fått hørt av gamal barnehage lærer at ho har våre før på stor barnehage og ho følte at ho hadde ikke skikkelig kontroll over barna, og følte ikke at ho fikk god kontakt med selve barna. Det er mange positive ting med å ha små barnehager/avdelinger. Barna blir bedre tilknyttet med lærerne, og med hverandre, det finnes mindre kaos i barnehagen og klassene. Jeg har komt med barn i barnehagen 3+ år og har veldig god kontakt med lærerne, og ser at barna mine trives mer en godt og stor koser seg.

 

Frå Anonym: 

Nei til nedleggelse.
Ja til renovering av den.
 

Uttale frå ungdomsrådet:

Det var fleirtal i ungdomsrådet (6-2), for alternativ 2 - nedlegging av Hareid barnehage.

Grunngiving: Hareid kommune må spare pengar. Ei årleg innsparing på to millionar kroner årleg, er vesentleg.

Alle innsparingar vil kunne smerte, men så lenge foreldre til barna i Hareid barnehage får høve til å velje blant dei andre barnehagane fyrst og dei tilsette får behalde jobben, vil denne innsparinga vere blant sparetiltaka som har mindre negative konsekvensar.

I tillegg er Hareid barnehage i dårleg stand og det vil koste mykje å oppgradere han til dagens standard. Dei andre barnehagane i sentrum er også gode alternativ.

 

Frå Anonym:

Nedlegging er det beste alternativet.