Kva skal vegane heite?

Kva skal vegane heite?

På Brekkane og Hareidsmyrane nord skal det kome nye vegar. Dei må få seg eit namn. Namneutvalet har utarbeidd forslag og no kan du seie di meining.

Saka leggast no ut på høyring etter stadnamnlova paragraf 8. Vegane høyrer til reguleringsplanane Brekkane (PlanID 20180002) og Hareidsmyrane Nord (PlanID 20160006). Veg 2104/Trudvangvegen blir også vesentleg endra slik at det er naturleg å ta denne opp til ny vurdering.

Har du innspel, må du sende dei inn skriftleg til postmottak@hareid.kommune.no eller per post til:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Merk med «23/1080 Vegnamn i reguleringsplanane Brekkane og Hareidsmyrane nord 2»

Høyringsfristen er 1. september 2023.

Kart som viser nye adresseparsellar Hareid kommune

Sjå biletet for å sjå kvar vegane skal gå. Du kan også sjå kart over vegane her.

Dei aktuelle vegane er lista opp under.
Namneutvalet handsama saka i møte 25. mai og kom med tilrådingar. Tilråding og grunngjeving frå namneutvalet er i kursiv.

  • Veg 2104/Trudvangvegen, merka blått i kartet

Vegen bør behalde noverande namn: «Trudvangvegen».
Namnet er etter forsamlingshuset Trudvang som vart revet i 2021. Det er fleire bustadar adressert til vegen i dag.

  • Veg 2150, merka raudt i kartet

Vegen bør heite «Myrastubben».
Vegen går over Myra og endar i ein stubb mot vest. Endinga –stubben vart valt då endinga -vegen alt er i bruk i Myravegen. Det var nemnt nokon lokale stadnamn, mellom anna Lomstjørna, men det vart vurdert at desse ikkje var nær nok til å vere relevante.

  • Veg 2151, merka raudt i kartet

Vegen bør heite «Brekkemarka».
Vegen går over garden Brekkane sin mark og deler av området kallast lokalt for Brekkemarka. Bruken av endinga -marka er etablert i andre vegnamn i kommunen. Døme er bustadfeltet Isakmarka.

  • Veg 2152, merka oransje i kartet

Vegen bør heite «Brekkestubben»
Vegen går over garden Brekkane sin mark og er ein stubb ut frå Veg 2151.

  • Veg 2153, merka blått i kartet

Vegen bør heite «Gomyrvegen»
Vegen går over området som kallast Gomyra. Namnenemnda legg til grunn at det ikkje blir gjennomkøyring gjennom gardstunet til vegen Brekkane.

  • Veg 2154, merka grønt i kartet

Vegen bør heite «Remastubben»
Vegen går gjennom området som kallast «Rema». «Rema» er riktig skrivemåte på dette området og ikkje «Rima» som har blitt brukt av det offentlege. Namneutvalet meiner også at namnet på undergangen under fylkesvegen «Rimabrua» er feil. Administrasjonen opplyste at det var Statens vegvesen som vedtok skrivemåte på denne undergangen.